Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Personalkonsulent - Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 20.08.2021
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling som personalkonsulent (seniorkonsulent SKO 1363). Fakultetet har til saman 8 personalmedarbeidarar, der 4 av desse er plassert ved Psykologisk institutt. Denne stillinga vil inngå i eit team på 4 personalmedarbeidarar, plasserte i fakultetsadministrasjonen, med fakultetsdirektøren som næraste overordna. Personalkonsulentane forvaltar den personalfaglege administrasjonen ved størstedelen av fakultetet, bidreg i rekrutteringsprosessar og gir leiarstøtte på personalområdet. Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Arbeidsoppgåver
Personalkonsulenten skal arbeide med eit breidt spekter av administrative oppgåver, mellom anna sakshandsaming innan personalområdet, HR-fagleg oppfølgjing av tilsette og leiarar, og i tillegg utviklingsoppgåver innan personalfeltet. Arbeidsoppgåvene stiller høge krav til nøyaktigheit og evne til å jobbe raskt og systematisk.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:
HR-rettleiing innan personalområdet overfor institutt og sentre ved fakultetet
Sakshandsaming innan personal/HR etter statleg lov- og avtaleverk, til dømes permisjonar, opprykkssaker og fråtredingar
Sakshandsaming av tilsettingsprosessar (primært vitskaplege stillingar)
Personaladministrative driftsoppgåver
Utviklingsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå, gjerne med HR, offentleg administrasjon eller arbeidsrett i fagkretsen
Erfaring med sakshandsaming innan personalforvaltning i statleg verksemd, fortrinnsvis frå universitets- og høgskulesektoren
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
God IT-forståing
Ønskeleg kompetanse/erfaring:
Fakultetet brukar SAP HR, ePhorte sakshandsamingssystem og Jobbnorge som rekrutteringssystem. Erfaring med desse systema vil telje positivt
Det er ei føremon med erfaring med rekruttering til vitskaplege stillingar
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
Er strukturert, effektiv og har god gjennomføringsevne
Er fleksibel og kan tenkje på heilskapen
Kan jobbe både med daglege driftsoppgåver og meir strategisk
Er god til å inngå i ulike relasjonar og byggje nettverk
Kan være ein positiv pådrivar i arbeidsprosesser som involverer mange aktørar
Har stor arbeidskapasitet og trivst med mange, varierte og til tider krevjande arbeidsoppgåver
Er initiativrik og open for nye innspel
Vi tilbyr
Løn som seniorkonsulent kode 1363 vert fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom ltr. 57-63, kr 516 100 og kr 574 700, avhengig av kompetanse
Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
Trening i arbeidstida
God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
Søknaden skal innehalde
Søknadsbrev
CV
Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)
Søknad (evt med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne