Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Personalkonsulent - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 08.04.2021

Psykologisk institutt

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Om stillinga

Vil du jobbe med spennande rekruttering og varierte HR oppgåver ved eit institutt i stadig utvikling?

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, har ledig ei midlertidig stilling for ett år som personalkonsulent (seniorkonsulent/rådgjevar SKO 1363/1434). Stillinga vil være plassert i instituttet sin administrasjon, og jobbe med HR-saker knytt opp til ei eller fleire av instituttet sine fagavdelinger. Stillinga inngår i eit team med fire andre personalkonsulenter.

Foto: Colourbox

Arbeidsoppgåvene til den som vert ansatt vil være

  • Sakshandsaming innan personal/HR etter statleg lov- og avtaleverk, til dømes tilsettingsprosessar (primært vitskaplege stillingar), permisjonar, opprykkssaker og fråtredingar
  • Mottak av utanlandske arbeidstakarar/onboarding
  • Utvikling, kvalitetssikring og vedlikehald av rutinar og prosessar
  • Personaladministrative driftsoppgåver
  • HR-rådgjeving, leiarstøtte

Ved tilsetting som rådgjevar vil ein til stillinga kunne leggja til tyngre HR-oppgåver med sjølvstendig ansvar for eiga portefølje, samt HR-fagleg rådgjeving til eininga.

Kvalifikasjonskrav

For å bli vurdert for stillinga, må du

  • Ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå, gjerne med HR, administrasjon, leiing eller personal- og arbeidsjus i fagkretsen. Manglande formell utdanning kan i særskilte tilfelle kompenserast ved lang og relevant erfaring innan arbeidsfeltet, kombinert med kurs, etter- og vidareutdanning
  • Ha relevant arbeidserfaring innan HR
  • Ha god kjennskap til lov- og avtaleverk innan HR
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Ha generelt god IT-forståing og erfaring med MS Office

Vi ynskjer at du

  • Har kjennskap til statleg regelverk innan personalområdet
  • Har erfaring frå personalforvaltning i statleg verksemd eller universitets- og høgskulesektoren
  • Har erfaring med å leggje til rette for ansatte som kjem frå utlandet
  • Har erfaring med SAP HR, ePhorte sakshandsamingssystem og Jobbnorge som rekrutteringssystem. Erfaring med disse systema vil telje positivt

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • Er strukturert, effektiv og har god gjennomføringsevne
  • Er fleksibel og kan tenkje på heilheita
  • Kan jobbe både med løpande driftsoppgåver og meir strategisk
  • Er god til å inngå i ulike relasjonar og byggje nettverk
  • Kan være ein positiv pådrivar i arbeidsprosesser som involverer mange aktørar
  • Har stor arbeidskapasitet og trivst med mange, varierte og til tider krevjande arbeidsoppgåver
  • Er initiativrik og open for nye innspel

Vi tilbyr

  • Løn som seniorkonsulent (SKO 1363) kr. 507 400 - 555 800 og som rådgjevar (SKO 1434) kr. 535 200 - 597 000 vert fastsett etter individuell vurdering basert på kompetanse og erfaring
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om elektronisk søknad - Personalrådgiver Frøydis Gjerpe Bekkedal e-post: [email protected]

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS