Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Personalkonsulent - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 30.11.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Om stillinga

Vi har ledig ei mellombels (vikariat) stilling som personalkonsulent (seniorkonsulent SKO 1363) frå 01.01.2021 til 30.09.2021. Fakultetet har til saman 8 personalmedarbeidarar, der 4 av disse er plassert ved Psykologisk institutt. Denne stillinga vil inngå i eit team på 4 personalmedarbeidarar, plassert i fakultetsadministrasjonen, med fakultetsdirektør som næraste overordna. Personalkonsulentane forvaltar den personalfaglege administrasjonen ved størstedelen av fakultetet, bidreg i rekrutteringsprosessar og gir leiarstøtte på personalområdet. Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.

Arbeidsoppgåver

Personalkonsulenten skal arbeide med eit breidt spekter av administrative oppgåver, mellom anna sakshandsaming innan personalområdet, HR-fagleg oppfølgjing av tilsette og leiarar, og i tillegg utviklingsoppgåver innan personalfeltet. Arbeidsoppgåvene stiller høge krav til nøyaktigheit og evne til å jobbe raskt og systematisk.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:

  • sakshandsaming innan personal/HR etter statleg lov- og avtaleverk, til dømes tilsettingsprosessar (primært vitskaplege stillingar), permisjonar, opprykkssaker og fråtredingar.
  • rettleiing innan personalområdet overfor institutt og sentre ved fakultetet.
  • Personaladministrative driftsoppgåver

Kvalifikasjonskrav

  • Det krevst relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå, gjerne med HR, offentleg administrasjon eller arbeidsrett i fagkretsen.
  • Det krevs erfaring med sakshandsaming innan personalforvaltning i statleg verksemd, fortrinnsvis frå universitets- og høgskulesektoren.
  • Det krevs erfaring med rekruttering til vitskaplege stillingar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Ønskeleg kompetanse/erfaring

  • Vi nyttar SAP HR, ePhorte sakshandsamingssystem og Jobbnorge som rekrutteringssystem. Erfaring med disse systema vil telje positivt.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Evne til å handtere fleire krevjande parallelle arbeidsoppgåver, samstundes som du er nøyaktig og systematisk
  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og initiativrik
  • God til å planleggje, følgje opp saker og gjennomføre tiltak
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima ved fakultetet

Vi tilbyr

  • løn som seniorkonsulent kode 1363 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 516 400 og kr 566 700, avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Seniorrådgiver Aud-Jorunn Sandal, tlf: 22858224, e-post: a.j.sandal@sv.uio.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS