Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

HR-konsulentar - Det samfunnsvitskapelege fakultet

Søknadsfrist: 31.12.2022

Psykologisk institutt ved Det samfunnsvitskapelege fakultet søkjer to HR-konsulentar

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Om stillinga

Vil du jobbe med spennande rekruttering og varierte HR oppgåver ved eit institutt i stadig utvikling?

Ved Psykologisk institutt (PSI), Det samfunnsvitskaplege fakultet, er det ledig ei fast stilling og eit 1-årig engasjement, i 100 % stillingar som HR-konsulentar. Du tilsettast enten som førstekonsulent (SKO 1408), eller seniorkonsulent (SKO 1363) avhengig av kompetanse. Stillinga vil være plassert i instituttet sin administrasjon, og du som blir tilsett vil få hovudansvaret for HR-saker knytt opp til ei eller fleire av instituttet sine fagavdelingar. Dette inneber mellom anna tett samarbeid med fagavdelingsleiar samt mange forskarar.

Psykologisk institutt er eit institutt med høg aktivitet. Vi har dei siste åra hatt stor vekst i talet på tilsette samt at vi har utvikla oss mykje som organisasjon. Som administrasjon er det viktig at vi får gjennomført dei driftsoppgåvene vi er sett til å gjennomføre, men i ein organisasjon som har eit slikt aktivitetsnivå og vekst, er det viktig at vi heile tida jobbar med å gjere tenestene og organisasjonen betre. Til dette treng vi HR-konsulentar som er strukturerte og effektive, gode til å skape relasjonar, samt har evne til å sjå utviklingspotensiale i rutinar og arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming innan personal/HR etter statleg lov- og avtaleverk
  • Sakshandsaming av tilsettingsprosessar frå A-Å
  • Personaladministrative driftsoppgåver, til dømes tilsettingsprosessar permisjonar, opprykkssaker og fråtredingar
  • Leiarstøtte
  • Bistå ved mottak av tilsette/onboarding, inkludert mottak av utanlandske arbeidstakarar
  • Utvikling, kvalitetssikring og vedlikehald av rutinar og prosessar

Stillinga kan tilleggjast andre oppgåver innan HR og personal ved behov dersom omsynet til instituttets verksemd tilseier dette. Vi ønsker derfor en person som er fleksibel og som kan hjelpe til med å løyse instituttets oppgåver på best mogleg måte.

Plassering i stilling som seniorkonsulent eller førstekonsulent avhenger av kompetanse og erfaring. Ved tilsetting som seniorkonsulent vil ein til stillinga kunne leggja til utviklingsoppgåver, koordinering av tenester, spesielt rettleiingssansvar og/eller andre oppgåver som føreset særleg spisskompetanse innan tilsvarande felt som førstekonsulent.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå. Manglande formell utdanning kan i særskilte tilfelle kompenserast ved lang og relevant erfaring innan arbeids- og fagfeltet
  • Det er ein fordel med erfaring innan HR, administrasjon, leiing eller personal- og arbeidsjus i fagkrinsen, men ikkje eit krav. For tilsetting i stilling som seniorkonsulent krevjast det noko relevant praktisk arbeidserfaring i fagfeltet.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Generelt god IT-forståing og erfaring med MS Office

Kompetanse som vil være ein fordel:

  • Kjennskap til statleg lov- og avtaleverk innan personalfeltet
  • Erfaring frå personalforvaltning i statleg verksemd eller universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring med rekruttering og mottak/onboarding av tilsette, særleg dei som kjem frå utlandet
  • Det vil telje positivt om du har kjennskap til UiO sine system, bl.a. DFØs selvbetjeningsportal, SAP, ePhorte og Jobbnorge som rekrutteringssystem

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg som

  • Arbeider systematisk og effektivt, og har god gjennomføringsevne.
  • Likar å jobbe med laupande driftsoppgåver og sakshandsaming, men trivast og med meir samansette oppgåver, og evnar å sjå desse to områda i samanheng.
  • Har stor arbeidskapasitet, trivst med mange og varierte arbeidsoppgåver, og er innstilt på å yte en ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde.
  • Er ansvarsbevisst, strukturert og sjølvstendig.
  • Evnar å skape gode relasjonar og samarbeider godt med andre.
  • Er empatisk og forståingsfull for andre sin ståstad og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

At du er personleg eigna og motivert for stillinga vektleggast ved vurdering av søkarane. Uavhengig av stillingsplassering er det ei forventning om oppfølging av alle arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga.

Vi tilbyr

  • Løn som førstekonsulent (SKO 1408) fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 493 700 og kr 544 400 (ltr. 53 - 59), eller som seniorkonsulent (SKO 1363) fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 534 900 og kr 593 500 (ltr. 58-64), avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

Mangfold og likestilling

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ynskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS