Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Førstekonsulent (SKO 1408) - Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk

Søknadsfrist: 11.02.2022

Vikariat innan studieadministrasjon

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk består av fire faggrupper: Filosofi, idéhistorie, kunsthistorie og klassiske språk (gresk og latin). Instituttet er også ansvarleg for examen philosophicum ved UiO. IFIKK har rundt 110 tilsette.

Om stillinga

Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk lyser ut eit årsvikariat som førstekonsulent (SKO 1408) innan studieadministrasjon. Den som vert tilsett vil få ansvar for studie- og/eller eksamensarbeid innan eitt eller fleire av fagområda på instituttet, og til dels ha arbeidsoppgåver knytt til examen philosophicum.

Stillinga inngår i ei gruppe på i alt 11 personar som arbeider med studieadministrasjon, inkludert studieleiar. I studieadministrasjonen arbeider vi både sjølvstendig og tett saman. Vi er eit godt koordinert team, stiller opp for kvarandre når det trengst og har eit godt arbeidsmiljø. Vi er opptatt av å holde eit høgt nivå og vise godt skjøn i saksbehandlinga.

Jobben føreset ei sjølvstendig haldning, digital dugleik, gode kommunikasjonsevner og god rolleforståing. I ein travel kvardag og i møte med ei stor mengde studentar og vitskaplege tilsette er det òg viktig at du kan handtere et til tider høgt arbeidspress med fleire slags oppgåver som skal leverast innan faste tidsfristar.

For nærare informasjon om instituttet sjå nettsida: Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk (uio.no)

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil omfatte:

  • Planlegging og oppfølging av undervisning og/eller eksamen innan eit eller fleire fag
  • Saksbehandling av studentsaker
  • Å svare på spørsmål fra studentar
  • Administrativ støtte til vitskapeleg tilsette og leiing ved instituttet

Ho vil også kunne omfatte:

  • Administrativ drift av emne, emnegrupper og program
  • Mottak, oppfølging og rettleiing av studentar
  • Kvalitetssikring og evaluering av studiane
  • Utvikling av studietilbud

Det kan òg bli lagt andre studieadministrative oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule (minimum tilsvarande bachelornivå). Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar

Det er ein fordel med erfaring frå studieadministrasjon i universitets- og høgskulesektoren generelt og Universitetet i Oslo spesielt.

Vi legg òg stor vekt på motivasjon og at personen høver stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som:

  • er ryddig, nøyaktig og systematisk, og som samtidig er effektiv og sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner, og som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø for studentar, vitskapeleg tilsette og for administrasjonen ved instituttet
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert, og som kan etablere og følge gode rutinar og system
  • har god stressmestring og klarer å følge opp fleire ulike oppgåver samtidig
  • er flink med digitale verktøy

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 461 300 til kr 524 900 per år, avhengig av kompetanse og erfaring
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

Til informasjon skal følgande dokument sendast ved den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Andre opplysningar

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om søknadsprosessen:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS