Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Førstekonsulent i Studieseksjonen - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 21.05.2021

Vi søker ein kollega som ønsker å bidra til å nå fakultetet sine mål om ein god studiestart og eit godt møte med både framtidige og noverande studentar

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Om stillinga

Studieseksjonen ved Det humanistiske fakultet (HF) lyser ut ei 100 % fast stilling som førstekonsulent (SKO1408).

Vi søker ein kollega som ønsker å bidra til å nå fakultetet sine mål om ein god studiestart og eit godt møte med både framtidige og noverande studentar.

Som tilsett i denne stillinga vil du få ei sentral rolle i arbeidet med studiestart, store arrangement, som "Åpen dag", og inngå i det profesjonelle teamet vårt i HF-studieinfo, som er fakultetet sitt ansikt ut. Du vil òg ha samarbeid med resten av Studieseksjonen på område som rekruttering, studentretta kommunikasjon, eksamen og internasjonalisering.

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar i fakultetsadministrasjonen vår.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere studiestart; mellom anna utvikle og koordinere arbeidet med studiestart ved fakultetet
  • Studentrettleiing, skrankevakter og hjelpe til i opplæring av nye studentmedarbeidarar i fakultetet sitt studieinformasjonssenter
  • Studentrekruttering, mellom anna koordinering av diverse arrangement ("Åpen dag", Fagleg-pedagogisk dag og Kandidatmarkeringa)
  • Generell saksbehandling innan studiefeltet
  • Det kan bli lagt andre arbeidsoppgåver innan studiefeltet til stillinga

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning minimum tilsvarande bachelornivå, relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar og gjerne erfaring med arbeid på web. Erfaring med studieadministrative system er ein fordel
  • Kjennskap til saksbehandling og førstelinjeteneste/studentrettleiing. Erfaring frå universitets- og høgskolesektoren er en fordel
  • Det vil bli lagt vekt på om søkaren er godt personleg skikka og motivert for arbeidsoppgåvene i stillinga

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og at ein kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk arbeidsmiljø
  • evne til å arbeide målretta og strukturert og dessutan å prioritere
  • engasjement og initiativ
  • serviceinnstilling og evne til å møte studentar på ein god måte
  • ønske om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • lønn: kr 451 700 til 516 400 per år, avhengig av kompetanse
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse med god pensjonsordning og anleding til gunstig lån
  • gode velferdsordningar og anledning til å trene i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju.

Andre opplysningar

Etter Offentleglova § 25 andre ledd kan opplysingar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS