Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Førstekonsulent i ekspedisjonen - Psykologisk institutt

Søknadsfrist: 28.08.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Om stillinga

Ved Psykologisk institutt er det ledig 100 % fast stilling som førstekonsulent (SKO 1408). Konsulenten inngår i instituttet sin faste administrasjon og vil mellom anna vere knytt til instituttet sin ekspedisjon og kontakt ut mot studentar og publikum.

Arbeidsoppgåver

  • Ekspedisjonen
    • Ekspedisjonsfunksjon med generell informasjon til studentar, tilsette og gjestar, postfordeling og andre praktiske gjeremål knytt til drift av instituttet
    • Enklare sakshandsaming knytt til undervisning og eksamen, blant anna ansvar for oppfølging av behov for tilrettelegging for studentar
    • Kontaktpunkt for utanlandske gjesteforskarar
    • Bestilling av varer og reiser
    • Informasjonsrelaterte oppgåver, som arbeid med nettsider og sosiale media
    • Administrativ backup-funksjon på instituttet sin studentklinikk
  • Sakshandsaming på PhD-programmet, frå mottak av avhandlingar til disputas

Krav til kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelor-nivå
  • Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere utdanningskravet
  • Det er ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Søkjaren bør ha god kjennskap til relevante dataprogram (Office-pakka), og gjerne også kjennskap til nettpublisering og publisering på sosiale media. Søkjaren bør raskt kunne sette seg inn i nye dataprogram
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Utadvent og serviceorientert og ha evna til å ha fleire ballar i lufta samstundes
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og nøyaktig, og ha god ordenssans
  • Du er ein person som tek initiativ, har godt humør og er interessert i informasjonsfagleg arbeid
  • Gode samarbeidsevner er viktig, og du bør trivast i eit hyggeleg, men til tider hektisk arbeidsmiljø
  • Du vil jobba i et miljø som verdset kollegaer som er initiativrike og utviklingsorienterte

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og hyggelig arbeidsmiljø
  • Løn som førstekonsulent (stillingskode 1408) fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr. 464 000 - kr. 504 700 avhengig av kompetanse
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei IA-verksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen