Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Førstekonsulent - Oslo Summer School for Social Sciences

Søknadsfrist: 08.02.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.

Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Om stillinga

Vi har for tida ledig ei mellombels stilling som førstekonsulent ved fakultetsadministrasjonen, seksjon for studie.

Førstekonsulenten skal vere koordinator for fakultetets ph.d.-sommarskule «Oslo Summer School for Social Sciences» som vert arrangert i månadsskiftet juni/juli. Sommarskulen tilbyr ph.d. kurs innan fakultetet sine fagområder. Sommaren 2021 vil kursa bli gjennomført digitalt. Forelesarar og deltagarar vert rekruttert internasjonalt.

Stillingen er lagt til studieseksjonen ved fakultetet. Studieseksjonen har 16 tilsette og er eit serviceorgan for institutta. Til stillinga ligg det difor eit ansvar for vidareutvikling av effektive rutinar, noko som krev evne til samarbeid på tvers av einingane.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggja, gjennomføra, evaluera og vidareutvikle fakultetets ph.d.- sommarskule.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelor. Dokumentert realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet
  • Røynsle med forvaltning av tilsvarande arbeidsoppgåver er avgjerande
  • Svært god digital kompetanse, spesielt med omsyn til gjennomføring av digitale arrangement
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad
  • Det blir lagt avgjerande vekt på om du er personleg eigna for stillinga

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • er tydeleg, omgjengeleg og initiativrik
  • arbeider sjølvstendig og har dokumentert god gjennomføringsevne
  • har god rolleforståing og evne til samarbeid
  • er analytisk, service - og utviklingsorientert
  • er effektiv samstundes med at du levere arbeid av høg kvalitet

Vi tilbyr

  • løn som førstekonsulent stillingskode 1408 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 437 100 og kr 498 800, avhengig av kompetanse evt. og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
  • eit hyggeleg og inspirerande arbeidsmiljø

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS