Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Forskningskonsulent - Institutt for medium og kommunikasjon (IMK)
Søknadsfrist: 15.04.2020
Publisert
Om stillinga
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for medier og kommunikasjon (IMK) har som formål å drive forsking, undervisning og formidling om moderne medium og om deira plass i samfunnet. IMK har om lag 60 tilsette, av desse om lag 10-12 doktorgradskandidatar. Instituttet har nærmare 500 aktive studentar på ulike nivå. Instituttet tilbyr årseining og bachelorgrad i medium og kommunikasjon i tillegg til mastergrader i medievitskap, journalistikk, Political Communication og Screen Cultures. IMK er eit tverrfagleg institutt, basert på akademiske tradisjonar både frå humaniora og samfunnsvitskap. Fleire år på rad er fagmiljøet ved Institutt for medium og kommunikasjon kåra blant dei 50 beste på sitt felt i verda. (QS Ratings).
Ved Institutt for medium og kommunikasjon (IMK) er det ledig eit vikariat som forskingskonsulent (seniorkonsulent SKO 1363) frå no og fram til 1. april 2021
Instituttet har ei rekke forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd, EU, Justisdepartementet, UiO, Medietilsynet og andre. Det er høgt prioritert å auke ekstern finansiering, og den kunngjorde stillinga vil vere ein bidragsytar inn i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett vil jobbe med å følgje opp instituttet, fakultetet og universitetet sine strategiar innan forsking. Du vil blant anna arbeide med administrativ oppfølging av forskingsprosjekt, bidra i søknadprosessar og kartleggje moglegheiter for ekstern finansiering.
Andre oppgåver i stillinga er ansvar for Cristin-rapportering, mottak av gjesteforskarar, hjelpe ved arrangement og så vidare. Forskingskonsulenten er ein del av instituttet sitt administrative stab, og vil få oppgåver innan informasjonsarbeid, økonomioppfølging og annan generell drift.
Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
erfaring frå administrasjon av forskingsprosjekt eller anna relevant administrativt arbeid
kjennskap til nasjonale og internasjonale finansieringsordninger for forsking og høgare utdanning
gode kommunikasjonsevner
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
gode IT-kunnskapar. Kjennskap til UiO sine administrative IT-system og erfaring frå informasjonsarbeid vil vere ei føremon
Personlege eigenskapar
ser etter søkjarar som:
har evne til å arbeide målretta og strukturert, og raskt setje seg inn i nye oppgåver
har gode samarbeidsevner
er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
er serviceinnstilte
trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
Å vere personleg eigna til stillinga vil bli vektlagt
Vi tilbyr
lønn frå kr 488 000 til kr 563 700 per år, avhengig av kompetanse
hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
Søknaden skal innehalde
søknadsbrev
CV
Relevante vitnemål
Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.
Andre opplysningar
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.