Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingskonsulent - TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur

Søknadsfrist: 15.08.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) er eit tverrfagleg senter med 40 tilsette som driv forsking, undervising og formidling innan fagfelta innovasjon og vitskaps- og teknologistudier (STS). Senteret er underlagt Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Ein stor del av senteret sin aktivitet er knytt til forskingsprosjekt finansiert av eksterne finansiørar. Utdanningstilbodet omfattar forskarutdanning (ph.d.-program) og to masterprogram. Senteret er vertskap for OSIRIS (Oslo Institute for Research on the Impact of Science).

Om stillinga

TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur har ledig ei fast stilling som forskingskonsulent (førstekonsulent SKO 1408). Stillinga inngår i senteret sitt forskingsadministrative team som samarbeider om administrasjonen av senteret si forskningsportefølje. Den som vert tilsett får mellom anna administrativt ansvar for ph.d-studieretninga Teknologi, innovasjon og kultur under doktorgradsutdanninga i samfunnsfag, for kontraktsinngåing og for senteret si gjesteforskerordning. Stillinga inngår i Det samfunnsvitskaplege fakultetet sitt forskingsadministrative nettverk (FANE). Me søkjer ein person som kan vere med å utvikle det forskingsadministrative arbeidet ved TIK, særleg innan oppfølging av korttidsengasjerte medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

Administrativ oppfølging av instituttet si forskerutdanning:

  • mottak og oppfølging av stipendiatar og andre knytt til forskingsutdanningsprogrammet
  • oppfølging av instituttet sitt kurstilbod

Administrativ oppfølging av arrangementer og gjester, mellom anna:

  • administrativt ansvar for seminar- og konferanseverksemd knytt til forskargrupper
  • praktisk arrangementsplanlegging og gjennomføring
  • tilrettelegging og mottak av gjester

Handsama kontrakter for time- og oppdragstilsette ved senteret

Administrativ støtte og ansvar for Cristin

Andre forskingsadministrative oppgåver som nettinformasjon om forsking ved senteret, arkivering, vedlikehald av rutinar osb.

Det kan òg bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning minimum tilsvarande bachelornivå (gjerne innafor samfunnsfag eller humaniora, det er ei føremon med mastergrad). Vi oppfordrar nyutdanna til å søke. Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • Digital kompetanse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad.
  • Det er ei føremon med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid (gjerne innan universitets- og høgskulesektoren)
  • Det er ei føremon med god kjennskap til og interesse for samfunnsvitskapleg og tverrfagleg forsking.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • har evne til å handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • kan syne engasjement og initiativ
  • har god talkjensle
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit fagleg stimulerande miljø og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • Førstekonsulent løn frå kr 475 800 til kr 534 400 per år, avhengig av kompetanse
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS