Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Eksamenskonsulent med ansvar for tilrettelegging - Det humanistiske fakultet
Søknadsfrist: 09.11.2021
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.
Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).
Studieseksjonen, Det humanistiske fakultet
Om stillinga
Ei stilling som førstekonsulent SKO 1408/seniorkonsulent SKO 1363 er ledig i studieseksjonen ved Det humanistiske fakultetet.
Studieseksjonen har i dag 22 tilsette som jobbar med ulike studierelaterte oppgåver som dekker heile breidda av studiefeltet, og denne stillinga vil ha alle sider av eksamensadministrasjon som arbeidsfelt.
Eksamensarbeidet ved fakultetet er organisert som ei eiga gruppe i studieseksjonen med seks medarbeidarar.
I tillegg til eksamensplanlegging og -gjennomføring er gruppa òg ansvarleg for vitnemål og annan dokumentasjon, godkjenning av norsk utdanning og forvalting av rutinar og reglar for saksfeltet på fakultetet.
Gruppa har eit overordna ansvar for eksamen ved fakultetet og har ein viktig støtte- og koordineringsfunksjon for institutta på fakultetet i ulike eksamens- og studiesaker.
Til den utlyste stillinga ligg det eit særskilt ansvar for tilrettelegging til eksamen for studentar med nedsett funksjonsevne.
Arbeidsoppgåver
sjølvstendig ansvar for saksbehandling innan tilrettelegging for studentar både av eksamen og i studiekvardagen
rettleiing og studentkontakt ved vurdering av behov for tilrettelegging for studentar med nedsatt funksjonsevne
gje råd og opplæring til tilsette ved institutta på fakultetet om tilrettelegging for studentar på eksamen og i studiekvardagen
generell eksamensdrift, inkludert rutinar for og gjennomføring av digital eksamen
lage vitnemål
det kan óg bli lagt andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
utdanning på minimum bachelornivå eller utdanning som svarar til dette. Relevant realkompetanse kan vege opp for utdanningskravet
erfaring frå saksbehandling frå offentleg sektor
interesse for arbeid med tilrettelegging for studentar
gode kommunikasjonsevner
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
gode IT-kunnskapar
Søkarar som óg kan dokumentere følgjande erfaringar, vil bli prioriterte:
relevant erfaring frå liknande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren
erfaring med tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne
erfaring med digitale eksamenssystem og/eller andre administrative IT-system
Personlege eigenskapar
Vi ser etter søkarar som:
er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
trivst med høgt arbeidstempo, meistrar stress og varierte arbeidsoppgåver
har evne til å arbeide målretta og strukturert
er imøtekommande og lyttande i møte med studentar
har gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
er effektive og nøyaktige
Vi tilbyr
lønn frå kr 461 300 til kr 524 900 per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent
lønn frå kr 499 500 til kr 574 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent
stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
Vi søker i utgangspunktet etter ein førstekonsulent. Ved eventuell tilsetting i stilling som seniorkonsulent vil det bli stilt større krav til sjølvstende og kompetanse.
Søknaden skal innehalde
søknadsbrev
CV
vitnemål
Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, Jobbnorge.
Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.
Andre opplysningar
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli gjort offentleg sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.