Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Eksamenskonsulent - Institutt for arkeologi, konservering og historie

Søknadsfrist: 03.05.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er satt saman av tre fag som på kvar sin måte granskar fortida. Instituttet har eit internasjonalt orientert miljø i arkeologi, den einaste konserveringutdanninga i landet og det største historikarmiljøet i Norden. Instituttet har i underkant av 100 tilsette, inklusive stipendiatar og postdoc. Undervisninga omfattar arkeologi frå steinalderen til mellomalderen, gjenstands- og malerikonservering, og historie frå antikken til vår tid.

Om stillinga

Ei stilling som eksamenskonsulent (førstekonsulent SKO 1408) er ledig ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH). Stillinga er knytt til studieprogramma i historie og er ein del av eit større studieteam ved instituttet.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og oppfølging av eksamen
  • Behandling av klage- og fuskesakar
  • Behandling av søknadar om utsetting og tilrettelegging
  • Utforme arbeidskontraktar innanfor studiefeltet
  • Generelle studieadministrative arbeidsoppgåver

Stillinga krev ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengd, og arbeidsoppgåvene vil variere ut frå korleis dei blir fordelt i teamet. Ved høve kan andre oppgåver bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning minimum tilsvarende bachelornivå, relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar
  • Personleg dugleik og motivasjon for stillinga

Vi ser etter søkarar som:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk arbeidsmiljø
  • tar ansvar og kan jobbe sjølvstendig
  • systematisk og effektivt
  • kan vise engasjement og initiativ
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 451 700 til kr 516 400 per år, avhengig av kompetanse
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • høve til trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter Offentleglova § 25 andre ledd kan opplysingar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktpersonar

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS