Ledig stilling på Universitetet i Oslo
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Studiestartkoordinator i Studieseksjonen - Det humanistiske fakultet
Søknadsfrist: 26.11.2023
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.
Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Demokrati, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).
Om stillinga
Studieseksjonen ved Det humanistiske fakultet (HF) lyser ut ei 100 % fast stilling som seniorkonsulent/rådgivar. Er du engasjert i å jobbe med studentar og ønskjer å ha ei sentral rolle i å gi dei nye studentane våre ein god start på studia? Då kan dette vere den perfekte stillinga for deg!Vi søker ein kollega som vil koordinere og utvikle studiestarten, rekruttere nye studentar, vere med å utvikle læringsmiljøet, og organisere større arrangement som "Åpen dag" for elevar i vidaregåande skule. Du vil også vere ein del av det profesjonelle teamet vårt i HF-studieinfo, som er ansiktet ut mot studentane.
I vår fakultetsadministrasjon vil du bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har dyktige medarbeidarar som er engasjert i å gi studentane ei god oppleving i studietida og høve til sjølv å bidra aktivt for å skapa eit godt studentmiljø.Om du vil samarbeide med oss for å gi studentane våre ein fantastisk start på studia, og vil vere ein del av dette spennande fagmiljøet, oppmodar vi deg til å søke på denne stillinga!Stillinga jobbar tett med andre tilsette på institutta og i fakultetsadministrasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere, planlegge og ha ansvaret for den praktiske gjennomføringa av fakultetet sin studiestart.
- Studentrettleiing og oppfølging av nye studentmedarbeidarar i fakultetet sitt studieinformasjonssenter, HFstudieinfo (uio.no).
- Koordinere og gjennomføre ulike arrangement, som "Åpen dag", Faglig-pedagogisk dag og Kandidatmarkeringene.
- Arbeide med studentretta kommunikasjon og profilering, inkludert produksjon og publisering av nettsider, drift av sosiale medium o.l.
- Bidra til å utvikle og gjennomføre tiltak og prosessar som skaper eit inkluderande og godt læringsmiljø i tråd med fakultetet sin strategi.
- Generell sakshandsaming innanfor studiefeltet.
- Andre arbeidsoppgåver innanfor studiefeltet kan òg bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonskrav
Det er ein fordel om du har:
- God forståing av administrative prosessar, erfaring med sakshandsaming og kjennskap til studieadministrative system
- Erfaring med å koordinere team og planlegge og gjennomføre større arrangement
- Erfaring med å leie utviklinga av studentretta tiltak og prosessar for å forbetre trivsel og tilhøve ved lærestaden
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagd vekt på om søkaren er godt personleg skikka og motivert for arbeidsoppgåvene i stillinga. Vi søker deg som kan vise til engasjement og initiativ til å utvikle nye idear og tiltak for å skape auka trivsel blant studentane våre. Du har god rolleforståing, møter studentar på ein trygg måte og skapar positive relasjonar. Du evner å arbeide målretta og prioritere oppgåvene for å nå fastsette mål og fristar, er fleksibel og har evne til å handtere endringar og periodar med høgt arbeidsvolum. Samstundes søker du samarbeid og er van med å jobbe i fleire ulike samarbeidsrelasjonar. Du trivst med å skape engasjement og felles eigarskap for dei tiltaka vi ønsker å lukkast med.
Vi tilbyr
- lønn frå kr 540 500 til 615 700 pr. år, avhengig av kompetanse som seniorkonsulent (SKO 1363), eller lønn frå kr. 565 900 til 667 700 pr. år, avhengig av kompetanse som rådgivar (SKO 1434)
- eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid
- medlemskap i Statens Pensjonskasse med god pensjonsordning og høve til gunstig lån
- gode velferdsordninger (uio.no) og anledning til å trene i arbeidstida
Søknaden skal innehalde
Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.
Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju.
Andre opplysningar
Etter Offentleglova § 25 andre ledd kan opplysingar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette (uio.no).
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktinformasjon for spørsmål om stillinga
Søk på stillingen