Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Forskingskonsulent / Forskingsrådgivar - Institutt for medium og kommunikasjon
Søknadsfrist: 01.12.2022
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for medium og kommunikasjon (IMK) har som formål å drive forsking, undervisning og formidling om moderne medium og om deira plass i samfunnet. IMK har om lag 50 tilsette, av desse er 10-12 doktorgradskandidatar og postdoktorar. Instituttet har nærmare 500 aktive studentar på ulike nivå. Instituttet tilbyr årseining og bachelorgrad i medium og kommunikasjon i tillegg til mastergrader i medievitskap, Politisk kommunikasjon og Screen Cultures. IMK er eit tverrfagleg institutt, basert på akademiske tradisjonar både frå humaniora og samfunnsvitskap.
Om stillinga
Ei stilling som seniorkonsulent ( SKO 1363) eller rådgivar (SKO 1434) er ledig ved Institutt for medium og kommunikasjon (IMK).
Vi ser etter ein motivert og sjølvstendig medarbeidar innan feltet forskingsadministrasjon. Den som blir tilsett skal bidra til å følge opp forskingsstrategiane til instituttet, fakultetet og universitetet i samråd med forskingsleiar. Du vil blant anna samarbeide tett med vitskapeleg tilsette som har mottatt eksterne midlar til sine prosjekt, arbeide med den administrative oppfølginga av forskingsprosjekta, så vel som med tilsette som har nye prosjekt som dei ønsker å få finansiert.
Forskingskonsulenten/rådgivaren er ein del av instituttet sin administrative stab og vil samarbeide tett med prosjektøkonom og inngå i eit felles nettverk av rådgivarar ved fakultetet.
Institutt for medium og kommunikasjon har ei rekke forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd, EU, Justisdepartementet, UiO, Medietilsynet og andre. Instituttet har store ambisjonar for forskingsverksemda og ekstern finansiering, og den kunngjorde stillinga vil vere ein bidragsytar inn i arbeidet med dette.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av instituttet si prosjektportefølje, medrekna rapportering til finansiørar, avtalar, datahandtering og forskingsetikk
Administrativ støtte til forskarar som søker ekstern finansiering frå internasjonale og nasjonale finansiørar, medrekna arbeid med søknadsbudsjetta i samarbeid med økonomiseksjonen
Administrativt ansvarleg for CRIStin, støtte til forskarane og kvalitetssikring av instituttet sine registreringar
Oppgåver innan PhD-oppfølging
Diverse informasjonsarbeid og nettarbeid
Oppgåver knytta til arrangement og seminar
Kvalifikasjonskrav
utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
erfaring frå administrering av forskingsprosjekt eller anna relevant administrativt arbeid
det er ein fordel med kjennskap til nasjonale og internasjonale finansieringsordningar for forsking og høgare utdanning. Det er òg ein fordel med noko kjennskap til PhD-utdanninga
gode kommunikasjonsevner
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
gode IT-kunnskapar
For å tilsettast som rådgivar blir det lagt vekt på dokumenterte evner til å arbeide sjølvstendig og strategisk og det er eit krav om minimum 3 år med relevant erfaring innan forskingsadministrasjon og oppfølging av forskingsprosjekt.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter søkarar som:
er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
har evne til å arbeide målretta og strukturert, og raskt sette seg inn i nye oppgåver
trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
har gode samarbeidsevner
Å vere personleg eigna til stillinga vil òg bli vektlagt i vurderinga.
Vi tilbyr
lønn frå 509 500 til kr 584 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent,lønn frå kr 534 900 til kr 636 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som rådgivar
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju.