Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - Institutt for statsvitskap

Søknadsfrist: 12.09.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for statsvitskap driv forsking, undervising og formidling. Instituttet har i dag ein fast vitskapleg stab på 33 tilsette, 13 stipendiatar, 6 postdoktorar og 10 administrativt tilsette. Instituttet har om lag 1100 studentar fordelt på bachelor-, master- og ph.d.- programma i statsvitskap, samt dei tverrfaglege bachelorprogramma i internasjonale studiar og offentlig administrasjon og leiing, og masterprogrammet i freds- og konfliktstudiar (PECOS). Instituttet er vertskap for Senter for ekstremismeforsking (C-REX).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Institutt for statsvitskap har ledig ei fast stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent SKO 1363). Den som blir tilsett vil få det administrative ansvaret for masterprogrammet i statsvitskap og for instituttet sitt vidareutdanningstiltak, og skal bidra aktivt i vidareutviklinga av instituttet sitt studietilbod og satsing på arbeidslivsrelevans. Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon på ti personar, og du vil også arbeide tett med våre undervisarar og eksterne samarbeidspartnarar.

For nærare informasjon om instituttet, sjå nettsida vår: http://www.sv.uio.no/isv/

Sentrale arbeidsoppgåver

  • administrativ koordinator for masterprogrammet i statsvitskap (opptak og mottak av nye studentar, planlegging og kvalitetssikring av undervisinga, førebu saker for programrådet m.m.)
  • drift og vidareutvikling av praksisemnet på master
  • administrativt ansvar for instituttet sitt vidareutdanningsemne

Kvalifikasjonskrav

  • erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande bachelorgrad. Særs relevant og dokumentert realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • samfunnsvitskapleg eller tilgrensande utdanning, gjerne statsvitskap

Vi stiller store krav til at du er personleg egna til stillinga, og vil vektlegge følgjande eigenskapar:

  • gode samarbeidsevner
  • at du er nøyaktig og har god ordenssans
  • evne til å handtere og organisere mange oppgåver samstundes
  • ein aktiv og open arbeidsmetodikk
  • evne til å ta ansvar og jobbe sjølvstendig og systematisk

Vi tilbyr

  • jobb i ein solid og dynamisk organisert administrasjon i eit inspirerande undervisings- og forskingsmiljø
  • løn som seniorkonsulent (SKO 1363) kroner 496 100 - 573 100 avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om elektronisk søknad: personalrådgiver Sylvi Anita Varsi Øien, saoien@sv.uio.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS