Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - Sosialantropologisk institutt (SAI)

Søknadsfrist: 08.12.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved Sosialantropologisk institutt (SAI) er det ledig ei fast 100 % stilling som studiekonsulent (SKO 1408 førstekonsulent). Studiekonsulenten får administrasjon av et av programma ved instituttet som sitt særskilde arbeids- og ansvarsområde, truleg bachelorprogrammet i sosialantropologi. Andre oppgaver kan bli lagt til stillinga. Stillinga inngår i ei gruppe på 3 studiekonsulentar ved instituttet som jobbar tett saman.

Instituttet ser for tida på fordelinga av dei ulike studieprogramma mellom stillingane, slik at ein nærare beskrivelse av ansvarsområde vil først vera klar til å bli presentert på intervjutidspunktet.

SAI har tre studieprogram i sosialantropologi; BA, MA og PhD, i tillegg til ein fellesgrad på PhD med fire europeiske partneruniversitet.

Instituttet har rekruttering av studentar som særskilt satsing. Innanfor dette jobbast det med eit prosjekt for å auke mangfaldet i digitale undervisnings- og evalueringsformer på programma våre. Instituttet har engasjerte studentar og ei aktiv Alumni-foreining.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Planlegge undervisning og eksamensavvikling saman med undervisningsleiar og dei emneansvarlege
  • Administrere opptak til emner og seminargrupper
  • Administrasjon av eksamen
  • Førebu saker til programrådet og følgja opp vedtaka
  • Studierettleiing
  • Informasjonsarbeid - utforming og vedlikehald av informasjon på programmet sine nettsider
  • Stillinga krev ein ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde, og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med samfunnsvitskaplege fag i fagkrinsen, minimum tilsvarande bachelorgrad. Dokumentert realkompetanse kan erstatta utdanningskravet.
  • Erfaring frå studieadministrasjon innan universitet- og høgskulesektoren.
  • Erfaring med elektroniske verktøy som arbeidsreiskap.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad

Erfaring frå eksamensadministrasjon eller rekrutteringsarbeid vil leggjast til vekt, i tillegg til digital kompetanse og/eller erfaring med administrasjon av varierte undervisnings- og eksamensoppgåver.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Evne til å jobbe strukturert, analytisk og med stor arbeidskapasitet
  • Evne til å handtere og organisere mange oppgåver samstundes
  • Engasjement og initiativrikdom

Vi tilbyr

  • Løn som førstekonsulent (SKO 1408) kroner 464 000 - 523 200, avhengig av kompetanse
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida og gode velferdsordningar
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen