Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Personalkonsulent - Psykologisk institutt

Søknadsfrist: 10.12.2019

Er du vår neste kollega?

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Om stillinga

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, har ledig ei fast stilling som personalkonsulent (seniorkonsulent/rådgjevar SKO 1363/1434). Stillinga vil være plassert i instituttet sin administrasjon, men jobbe med HR-saker knytt opp til ei eller fleire av instituttet sine fagavdelinger.

Arbeidsoppgåver

  • HR-rådgjeving, leiarstøtte og sakshandsaming
  • Rekruttering og tilsettingsprosessar, her under mottak av utanlandske arbeidstakarar
  • Utvikling, kvalitetssikring og vedlikehald av rutinar og prosessar
  • Personaladministrative driftsoppgåver

Ved tilsetting som rådgjevar vil ein til stillinga kunne leggja til tyngre HR-oppgåver med sjølvstendig ansvar for eiga portefølje, samt HR-fagleg rådgjeving til eininga.

Kvalifikasjonskrav

  • Det krevst relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå, gjerne med HR, administrasjon, leiing eller personal- og arbeidsjus eller psykologi i fagkretsen. Manglande formell utdanning kan i særskilte tilfelle kompenserast ved lang og relevant erfaring innan arbeidsfeltet, kombinert med kurs, etter- og vidareutdanning.
  • Relevant arbeidserfaring innan HR. Erfaring frå personalforvaltning i statleg verksemd eller universitets- og høgskulesektoren vil bli vektlagt.
  • Erfaring med å leggje til rette for forskarar som kjem frå utlandet for å jobbe ved norske universitet er ein fordel.
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk innan HR. Særleg kjennskap til statleg regelverk innan personalområdet vil vera ein fordel.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Generelt god IT-forståing og erfaring med MS Office.
  • Vi nyttar SAP HR, ePhorte sakshandsamingssystem og Jobbnorge som rekrutteringssystem. Erfaring med disse systema vil telje positivt.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • Er strukturert, effektiv og har god gjennomføringsevne
  • Er fleksibel og kan tenkje på heilheita
  • Kan jobbe både med løpande driftsoppgåver og meir strategisk
  • Er god til å inngå i ulike relasjonar og byggje nettverk
  • Kan være ein positiv pådrivar i arbeidsprosesser som involverer mange aktørar
  • Stor arbeidskapasitet og trivst med mange, varierte og til tider krevjande arbeidsoppgåver
  • Initiativrik og open for nye innspel

Vi tilbyr

  • Løn som seniorkonsulent (SKO 1363) kr. 504 700 - 552 800 og som rådgjevar (SKO 1434) kr. 532 300 - 594 400 vert fastsett etter individuell vurdering basert på kompetanse og erfaring
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Kopi av relevante attestar og vitnemål
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Kontorsjef Birgitte Bøgh-Olsen, tlf.: + 47 22 84 51 04
  • Personalrådgiver Frøydis Gjerpe Bekkedal (kun ved spørsmål om elektronisk søknad) tlf: +47 22 84 5118

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS