Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskningsrådgjevar (Rådgjevar / seniorkonsulent)

Søknadsfrist: 15.08.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Sosialantropologisk institutt har sidan det vart etablert i 1964 vore ein viktig arena og utgangspunkt for den anerkjente norske antropologiske tradisjonen. Instituttet er eit av dei største sosialantropologiske universitetsmiljøa i Europa, og størst i Norden. Det er for tida registrert om lag 400 studentar ved instituttet, inkludert rundt 30 på PhD-programmet. Dei tilsette har brei kompetanse og arbeider med mange tematiske felt innanfor faget sosialantropologi.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Sosialantropologisk institutt (SAI) har ledig ei fast stilling som forskingsrådgjevar (seniorkonsulent SKO 1363) (rådgjevar SKO 1434). Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon på åtte personar. I tillegg deltek stillingsinnehavaren i det forskingsadministrative nettverket ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (FANE-nettverket). Den som vert tilsett får ansvaret for den administrative oppfølginga av instituttet sine eksternfinansierte forskingsprosjekt.

Instituttet husar for tida fleire eksternfinanserte prosjekt, og har høg søknadsaktivitet retta mot særleg EU og Norges Forskningsråd.

Arbeidsoppgåver

  • Identifisere og informere om eksterne finansieringskjelder
  • Prosjektutvekling og utforming av søknadar og budsjett i tett samarbeid med prosjektleiar og prosjektøkonom
  • Koordinering og oppfølging av prosjekt, inkludert kontraktsinngåing og rapportering
  • Bistå med å arrangere konferansar og seminar
  • Oppdatering av instituttet sine nettsider om forskingsverksemda ved instituttet
  • Oppfølging av gjesteforskarar og vitenskapelege assistentar på prosjekt
  • Utrednings- og analysearbeid knytt til eksternfinansiert verksamd
  • Strategisk arbeid knytta til ekstern finansiering, i samarbeid med instituttleiinga

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett held seg fagleg oppdatert og bidreg til fagleg utvikling av feltet.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelorgrad, men det er ein føremon med mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Relevant erfaring frå forskingsadministrasjon
  • Erfaring med administrasjon av prosjekt med ekstern finansiering
  • Erfaring med prosjektsøknader og drift av prosjekter
  • God kjennskap til og interesse for samfunnsvitskap, og eventuelt faget sosialantropologi
  • Kjennskap til budsjettering og rekneskap
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad
  • Det er ønskeleg med erfaring frå og kjennskap til søknadar til Forskingsrådet og EU

Personlege eigenskapar

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • har evne til å koordinere andre, og kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • kan syne engasjement og initiativ, og har evne til å motivere forskarar
  • har god talkjensle
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • eit fagleg stimulerande miljø
  • seniorkonsulent løn frå 488 000 til kr 583 900/rådgjevar løn frå kr 523 200 til kr 627 700 per år, avhengig av kompetanse
  • gode pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV

Attestar og vitnemål skal takast med på eit eventuelt intervju.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS