Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingskonsulent / -rådgjevar - TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur

Søknadsfrist: 09.12.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) er eit tverrfagleg senter med 40 tilsette som driv forsking, undervising og formidling innan fagfelta innovasjon og vitskaps- og teknologistudier (STS). Senteret er underlagt Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Ein stor del av senteret sin aktivitet er knytt til forskingsprosjekt finansiert av eksterne finansiørar. Utdanningstilbodet omfattar forskarutdanning (ph.d.-program) og to masterprogram. Senteret er vertskap for OSIRIS (Oslo Institute for Research on the Impact of Science).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur har ledig ei fast stilling som forskingskonsulent/-rådgjevar (seniorkonsulent SKO 1363/rådgjevar SKO1434). Den som vert tilsett får sjølvstendig ansvar for den administrative oppfølginga av TIK si forskingsportefølje og for ph.d-studieretninga Teknologi, innovasjon og kultur under doktorgradsutdanninga i samfunnsfag. Stillinga inngår i Det samfunnsvitskaplege fakultetet sitt forskingsadministrative nettverk (FANE), og i fakultetet sitt administrative ph.d-nettverk. Me søkjer ein person som kan vere med å utvikle det forskingsadministrative arbeidet ved TIK, og bidra til kompetanseheving, særleg innan søknadsarbeid og oppfølging av eksternfinansierte prosjekt.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativt ansvar for ph.d-utdanninga ved TIK
  • Identifisere og informere om eksterne finansieringskjelder
  • Utforming av søknadar og budsjett i tett samarbeid med prosjektleiar og prosjektøkonom
  • Koordinering og oppfølging av prosjekt, kontraktsinngåing og rapportering
  • Halde leiinga fortløpande orientert om komande søknader og aktive prosjekt
  • Ansvar for forskingsformidling, inkludert senteret sine nettsider om forsking, pressekontakt
  • Administrativt ansvar for senteret si gjesteforskarordning
  • Administrativ koordinering av OSIRIS-senteret ved TIK

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule innan samfunnsfag, tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • Erfaring frå forskingsadministrasjon, ekstern finansiering og prosjektoppfølging innan universitet- og høgskulesektoren.
  • For tilsetting som rådgjevar er det vidare krav om erfaring med utstrakt rådgjeving overfor forskarmiljø og evne til å bidra til utvikling av TIK sin forskingsstrategi.
  • Erfaring med forskingsformidling.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad.
  • Det er ei føremon med god kjennskap til og interesse for samfunnsvitskapleg forsking.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • har evne til å koordinere andre, og kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • kan syne engasjement og initiativ, og har evne til å motivere forskarar
  • har god talkjensle
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • eit fagleg stimulerande miljø og utfordrande arbeidsoppgåver
  • eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • seniorkonsulent løn frå kr 488 000 til kr 583 900/rådgjevar løn frå kr 523 200 til kr 627 700 per år, avhengig av kompetanse
  • gode pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV
  • relevante vitnemål og attestar
  • liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS