LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

HR medarbeidar (seniorkonsulent)

Søknadsfrist: 15.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

HR medarbeidar (seniorkonsulent) ved Det humanistiske fakultet

Ved Det humanistiske fakultet har vi ledig ei fast 100 % stilling som HR medarbeidar (seniorkonsulent) ved seksjon for HR og service ved fakultetssekretariatet, med oppstart 1. august 2022 eller så snart som råd etter dette.

Seksjonen si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til dei fire institutta og to sentra ved fakultetet, samt til leiinga og dei andre tilsette ved fakultetsadministrasjonen.

Arbeidsoppgåver:

Personaladministrasjon og saksbehandling innanfor seksjonens ansvarsfelt – frå rekruttering av nye medarbeidarar i vitskaplege og administrative stillingar til avvikling av arbeidsforhold. Dette krev tett samarbeid med båe vitskaplege tilsette, administrative tilsette og instituttleiingar. Som HR-medarbeidar vil du ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepartnar, ikkje berre i rekrutteringsprosessen, men også i andre HR-relaterte sakar. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver, som blant anna omfattar opprykk, permisjonar og saksførebuing til tilsettingsorgan. Anna førefallande arbeid må også påreknast.

Det kan bli gjort endringar i arbeidsoppgåvene som høyrar til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad innan HR-relevante fag. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning.
  • God digital kompetanse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Relevant praksis innan personal- og HR-arbeid med relevant erfaring frå rekruttering
  • Kjennskap til arbeidsverktøy som SAP, Office, ePhorte/Elements er ein føremon
  • Kjennskap til relevante lov- og avtaleverk for sektoren er ein føremon
  • Erfaring med tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren er ein føremon

Vi søkjer ein medarbeidar som er:

  • ansvarleg og løysingsorientert
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • arbeider nøyaktig og systematisk
  • er strukturert og i stand til å handtere fleire parallelle prosessar utan å miste blikket for detaljar
  • har evne til å prioritere
  • er sjølvstendig, serviceinnstilt og imøtekommande
  • er raus og inkluderande

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Ei allsidig stilling med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Eit godt fagleg og sosialt miljø
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363), med løn etter lønssteg 57 - 62. For tida utgjer det kr. 515 700 - 563 500 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.

Generell informasjon:

Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS