LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Praksiskoordinator - Det helsevitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 31.10.2024

UiS hovedlogo positiv RGB

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.Det helsevitskapelige fakultet tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og paramedisin, mastergradsutdanningar i helsevitskap, helsesjukepleie, jordmorfag, rus og psykisk helsearbeid, prehospitale tenester og sjukepleie med spesialisering i anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleie, og dessutan vidareutdanning i kreftsjukepleie. Vidare blir det tilbydd forskarutdanning (PhD) i helse og medisin og forskarskulen PROFRES - Nasjonal forskarskule for profesjonsretta og praksisnær forsking på områda helse, velferd og utdanning. Fakultetet har følgjande programområde for forsking: Profesjonelle relasjonar i velferdsyrke, Helsefremming ved kroniske plager, E-læring, omsorgsteknologi og simulering, Livsfenomen og omsorg, og Samfunnsdeltaking i skule og arbeidsliv. Forskingssenteret SHARE - Senter for kvalitet og sikkerheit i helsetenesta er òg heimehøyrande ved fakultetet. Det er i dag ca. 250 tilsette (inkludert stipendiatar og postdoktorar) og ca. 1.400 studentar tilknytta fakultetet.

Vil du jobba tett på våre sjukepleiestudentar som skal i praksis?

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig 90% stilling som praksiskoordinator ved Det helsevitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen frå 1. januar 2025.

Som praksiskoordinator vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du jobbar tett på studentar som tek utdanning innanfor sjukepleie, vitskapleg tilsette ved fakultetet og veiledere ved praksisstadene. Fakultetsdirektør er næraste overordna.

Hovudoppgåver

  • koordinera og leggja til rette for studentar i praksis
  • følgja opp kontaktpersonar ved praksisstadene
  • veilede og sikre at praksisveileder og praksislærer si aktivitet er i samsvar med faglege og formelle krav
  • administrera evaluering av studentar i praksis
  • rettleia på praksisfeltet ved behov
  • andre praksisrelaterte faglege og administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • utdanning og erfaring som sjukepleiar
  • erfaring frå praksisfeltet, fortrinnsvis frå kommunal- og/eller spesialisthelsetenesta
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har erfaring frå praksisrettleiing av sjukepleiestudentar
  • har kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • har evne til å arbeida systematisk og til å dokumentera arbeid
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408, kr 500.000 - 550.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptekne av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert framfor ei kvinne.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader. 

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til senior HR-rådgjevar Helene Engelsgjerd Figved, tlf: 51831558, e-post: helene.e.figved@uis.no.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via “Søk stillinga” på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdigheiter registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal takast omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastast opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS