LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Nettkommunikatør med høg digital kompetanse

Søknadsfrist: 14.05.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Er dette stillinga for deg?

Har du eit digitalt hovud og er opptatt av god nettfunksjonalitet? Er du interessert i å jobbe med godt innhald tilpassa ulike målgrupper på funksjonelle nettsider? Er du i front av den digitale utviklinga? Då vil vi gjerne ha deg med i nett-teamet vårt beståande av UiS sin nettredaktør og ein frontend-utviklar i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Universitetet i Stavanger. Ledig frå 1.juni 2021.

Hovudoppgåver:

  • drift og vidareutvikling av universitetets nettsider og nærvær i sosiale medium
  • innhaldsstrategi og innhaldsproduksjon
  • statistikk, søkemotoroptimalisering og trafikkanalyse
  • halde deg oppdatert på digitale endringar og trendar nasjonalt og internasjonalt

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning, fortrinnsvis innanfor kommunikasjon
  • erfaring med nettkommunikasjon og nettutvikling
  • god kunnskap om bruk av relevant programvare og publiseringssystem
  • god brukarforståing og erfaring med kva som fungerer digitalt
  • svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne
  • gode ferdigheitar i begge målformer og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434 rådgivar, kr 608.000- 670.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil en mann bli prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, tlf. 9519 6107 , e-post: anne.selnes@uis.no eller til
  • Nettredaktør Hildegard Nortvedt, tlf. 9113 4755, e-post: hildegard.nortvedt@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Kaja Lillelien, tlf: 51 83 13 10, e-post:kaja.lillelien@uis.no.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS