LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist: 18.12.2024

UiS hovedlogo positiv RGB

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er den viktigaste institusjonen i regionen for utdanning av lærarer til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor språk, religion, historie, samt åtte masterprogram og to doktorgradsutdanningar. Fakultetet har ein nasjonal posisjon innanfor forsking og undervisning i lese- og skrivevanskar og åtferdsvanskar gjennom Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) og Kunnskapssenter for utdanning (KSU). Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning.

Totalt har fakultetet om lag 3.300 studentar og 390 tilsette fordelte på fakultetsadministrasjonen, Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Lesesenteret, Læringsmiljøsenteret og Kunnskapssenter for utdanning.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig midlertidig prosjektstilling som kommunikasjonsrådgjevar ved Fakultet for utdanning og humaniora, fakultetsadministrasjonen dedikert til Kunnskapssenter for utdanning. Formålet med stillinga er å styrka senterets arbeid innafor kommunikasjon og formidling. Stillinga er ledig frå 1.januar - 31.desember 2025. 

Den som blir tilsett vil vera knytt til Kunnskapssenter for utdanning, eit nasjonalt senter som er skipa og direkte finansiert av Kunnskapsdepartementet med hovudansvar for å gjennomføra systematiske kunnskapsoppsummeringar for heile utdanningssektoren. Ansvarsområdet vil være å leie eit utgreiings- og strategiarbeid knytt til senterets formidlingsoppdrag.

Hovudoppgåver

  • Greie ut informasjonsbehov og eigna formidlingskanalar for senteret sine ulike målgrupper (jf. mandat)
  • Utarbeide kommunikasjonsstrategi for kommande strategiperiode med utgangspunkt i senterets mandat og strategi, i samarbeid med senterets tilsette
  • Bidra i implementering av ny kommunikasjonsstrategi
  • Vidareutvikle senteret sine formidlingskanalar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • erfaring med forskingsformidling frå utdanningssektoren
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har erfaring med strategiarbeid
  • har god kunnskap om formidlingsarbeid innan forsking, formidling og utdanning
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • et ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1364, kr 550.000 – 650.000. bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert og tilsetting som seniorrådgjevar, kode 1364, kr 650.000 - 800.000. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.

På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar. 

Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.

Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.

Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Senterleiar, Oddny Judith Solheim, tlf 926 11 189, e-post: oddny.j.solheim@uis.no eller til 
  • Kontorsjef, Idar Ree , tlf: 974 88 612, e-post: idar.ree@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar, Grete Marnburg, tlf: 51 83 35 45, e-post: grete.marnburg@uis.no. 

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Oddny Judith Solheim (Senterleiar), 926 11 189, oddny.j.solheim@uis.no
  • Idar Ree (Kontorsjef), 974 88 612, idar.ree@uis.no
Powered by Labrador CMS