LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Kommunikasjonsrådgjevar - Fakultet for utøvande kunstfag

Søknadsfrist: 12.12.2023

UiS hovedlogo positiv RGB
UiS hovedlogo positiv RGB

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Fakultet for utøvande kunstfag driv høgare kunstfagleg utdanning- og forsking innanfor utøvande og skapande kunstdisiplinar. Fakultetet utdannar primært utøvande musikarar og dansarar, instrumental/-dansepedagogar. Dette skjer gjennom utøvande bachelor- og masterprogram, samt årseiningar og vidareutdanningar. Fakultetet har i dag ca 230 studieplassar og 90 tilsette fordelt på ein fakultetsadministrasjon og ulike fagseksjonar så som klassisk musikk, jazz/improvisert musikk, dans, dirigering, pedagogikk og kunstfagdidaktikk, og ei eining med musikkproduksjon og opptaksteknikk. Fakultetet er aktivt i nasjonale og internasjonale nettverk innanfor sine fagområde, og har eit regionalt ansvar for det nasjonale talentutviklingsprogrammet. Med ein høg frekvens av konserter, førestillingar og formidlingsaktiviteter på fleire utøvararenaer og i nærleik til regionens kunst- og kulturmiljø, er fakultetet også ein profilert kulturaktør i regionen. Fakultetet er strategisk lokalisert i eigen campus i nærleiken av sine primære kompetanse- og fagmiljø, praksisfelt og regionale kontaktnett i Bjergsted kulturpark.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar ved Fakultet for utøvande kunstfag, fakultetsadministrasjonen. Stillinga er ledig frå 1. januar 2024.

Den som vert tilsett skal arbeide med kommunikasjon, marknadsføring og samfunnskontakt ved fakultetet. Vedkommande vil inngå i eit fagleg fellesskap med universitetet si Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Hovudoppgåver

  • Innhaldsproduksjon. Marknadsføring av og kommunikasjon om: studietilbod, forsking og kunstnarisk utvikling, konsertar og framsyningar, samt anna formidlingsaktivitet ved fakultetet, dette i samarbeid med fakultetets produksjonsteam. 
  • Samfunnskontakt. Vera i dialog med fakultetets samarbeidspartnarar innan kunst- og kulturliv, offentlege myndigheiter samt forsking- og utdanningsfeltet, blant anna i samband med fakultetets mange aktivitetar og produksjonar. 

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning innanfor kommunikasjon/marknadsføring/journalistikk, fortrinnsvis på mastergradsnivå
  • relevant og brei erfaring frå strategisk og operasjonelt kommunikasjons- og marknadsarbeid
  • innsikt i strategisk bruk av sosiale medium
  • interesse for og kunnskap om høgare utdanning og forsking/kunstnarisk utviklingsarbeid
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du: 

  • har kjennskap til og interesse for kunstfagleg utdanning og forsking/kunstnarisk utviklingsarbeid
  • har nyheitsteft og at du kan dokumentera erfaring med forskingsformidling
  • er analytisk, grundig og effektiv
  • er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 550.000 - 650.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn.

Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.

Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til senior HR-rådgjevar Helene Engelsgjerd Figved, tlf: 51 83 15 58, e-post: helene.e.figved@uis.no.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS