Innhaldsprodusent (Marknads- og kommunikasjonsrådgjevar)
Søknadsfrist: 06.05.2024
Publisert
UiS hovedlogo positiv RGB
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2 000 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er satsingsområda våre.
I samspel og dialog med omgjevnadane våre regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Stavangerregionen har eit dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordrar det velkjente og utforskar det ukjente.
Brenn du for digitale kanalar og har evne til å engasjere unge menneske med godt innhald?
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig eitt års vikariat som innhaldsprodusent i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt for snarleg tilsetjing.
Vil du vere med å rekruttere dei beste studentane til universitetet? Vil du jobbe som del av eit team og saman med dei engasjerte studentane våre gjere universitetet og utdanningane våre kjend for verda? Brenn du for digitale kanalar og har evne til å engasjere unge menneske med godt innhald?
Du vil jobbe i studentrekrutteringsteamet, og på lag med dei dyktige medarbeidarane våre i avdelinga og på fakulteta, samt andre interne og eksterne aktørar. Stillinga inngår òg i institusjonelle nettverk innanfor fagfeltet. Du vil rapportere til direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt.
Hovudoppgåver
produsere engasjerande innhald til sosiale medium, i hovudsak Instagram og TikTok
koordinere videoproduksjon til kampanjar for studentrekruttering
organisere og planleggje aktivitetar for studentambassadørane våre
saman med rekrutteringsteamet planleggje og delta i marknadsførings- og rekrutteringsaktivitetar
gje råd til leiarar og tilsette om marknadsføring og kommunikasjon
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant høgare utdanning, særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
relevant erfaring frå operasjonelt og strategisk marknads- og kommunikasjonsarbeid
erfaring frå strategisk arbeid med digitale kanalar og med publisering i, og drift av, sosiale mediekanalar
svært god skriftleg formuleringsevne både på bokmål, nynorsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
er strukturert og grundig med evne til å arbeide sjølvstendig
er målbevisst, engasjert og tek initiativ til forbetringar
er kreativ og allsidig
Vi tilbyr
varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
lønn etter Statens lønsregulativ kode 1434 rådgjevar, kr 615.000-650.0000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.
Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt Vibecke Lykke Olsen, mobil 981 16 330, e-post vibecke.olsen@uis.no
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Salla Oftedal Andersen, tlf 51 83 1976, e-post salla.andersen@uis.no.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.