LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsrådgjevar - Prosjekt og marknadsføring

Søknadsfrist: 17.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsrådgjevar

Vi søkjer ein strategisk, engasjert og initiativrik kommunikasjonsrådgjevar i fast 100% stilling (kode 1434 rådgjevar). Stillinga er knytt til gruppa Prosjekt og marknadsføring på Kommunikasjonsavdelinga ved UiB.

Du blir ein del av eit offensivt kommunikasjonsmiljø som tek sikte på å vere leiande i sektoren på digital kommunikasjon. Vi jobbar tett med fleire av dei leiande kommunikasjons- og analysebyråa i Noreg for at UiB skal styrke eit allereie godt omdømme.

God forståing for, og erfaring med strategisk kommunikasjon, marknadsføring, merkevare- og omdømmebygging er ein føresetnad. Stillinga vil òg innebere operativt, praktisk kommunikasjonsarbeid. Fordi stillinga vil omfatte arbeid med fleire av UiB sine sentrale prosjekt, er erfaring som prosjektleiar ein fordel.

Vi ser etter ein erfaren kommunikasjonsrådgjevar som skal vere sentral i arbeidet med å bygge UiB sitt omdømme gjennom strategisk kommunikasjonsarbeid mot dei sentrale målgruppene til UiB. Arbeidet er knytt til mellom anna studentrekruttering, forskingskommunikasjon, utvikling og bidrag til arrangement og samfunnsarenaer som t.d. Arendalsuka, Christiekonferansen, Skulebesøk, Open dag og UiB Alumni. Dette er arenaer som krev brei forståing av både utdanningssektoren, politikk- og samfunnsliv.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av marknads- og kommunikasjonsformer som krev høg kommunikasjonsfagleg kompetanse. Du må ha god forståing for digitale kommunikasjonsflater og evne til å produsere eige innhald, t.d. på nettsider og i sosiale medium. Ansvar for reklamekampanjar kan bli lagt til stillinga. Stillinga krev at du søker relevante samarbeid på tvers i organisasjonen og eksternt. Du må arbeide systematisk og ha gode koordineringsevner.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på masternivå (lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte krav om utdanning)
  • Trivs i ein til tider travel kvardag med høgt tempo
  • Interesse for og erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid, marknadsføring, merkevare- og omdømmebygging
  • Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere skriftleg og muntleg
  • Erfaring med og forståing av digitale kommunikasjonsflater og sosiale media
  • Ein god lagspelar og relasjonsbyggar

Vi kan tilby:

  • Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i trivelege lokaler i Bergen sentrum
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som rådgjevar (kode1434) i lønnstrinn 62-67 (for tida kr 555 800 – 608 200) i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn bli vurdert.
  • Gode velferdsordningar, blant anna trening i arbeidstida

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Gruppeleiar for Prosjekt og marknadsføring, Jørgen Johnsen, jorgen.johnsen@uib.no, tlf. 976 47 829

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS