Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Ved Det medisinske fakultet, Globale samfunnsutfordringar (GSU), er det ledig ei stilling som rådgjevar. Vi søkjer ein ambisiøs og initiativrik kommunikasjonsrådgjevar med interesse for internasjonale spørsmål.
GSU har som mandat å fremje tverrfagleg forsking og utdanning av relevans for dei store globale samfunnsutfordringane. Fram til 2022 er fokus på helse, migrasjon og ulikskap. Aktivitetar ved GSU omfattar blant anna Bergen Global, Bergen Summer Research School og Bergen School of Global Studies. GSU vert koordinert av Det medisinske fakultet og administrasjonen av satsingsområdet er plassert her.
Hovuddelen av arbeidet til kommunikasjonsrådgjevaren vil vere opp mot Bergen Global som er eit samarbeidsprosjekt mellom UiB og Chr. Michelsens institutt (CMI). Bergen Global er institusjonane sin hovudarena for formidling av forsking med relevans for globale samfunnsutfordringar. Formidling i skjer gjennom debatter, seminar, forelesingar, konferansar, boklanseringar ol. i vår møtearena i Jekteviken eller på andre arenaer i Bergen. Publikum er forskarar, studentar og ålmenta.
Kommunikasjonsrådgjevaren vil ha det overordna ansvar for planlegging og gjennomføring av aktivitetar og skal, i samarbeid med kommunikasjonsrådgjevarar ved UiB og CMI, medverka til å vidareutvikle Bergen Global som arena for forskingsformidling. Personen som vert tilsett vil også involverast i utforming av ny strategiplan for Bergen Global.
Personen som vert tilsett vil dele arbeidstida si mellom Bergen Global sine lokale i Jekteviksbakken 31 og GSU administrasjonen sine lokale i Overlege Danielsens Hus, Årstadveien 21.
Arbeidsoppgåver:
kommunikasjonsoppgåver ved GSU
bygge nettverk og ha tett kontakt med forskarmiljø på tvers av alle fakultet ved UiB og ved CMI
arbeidsoppgåver i Bergen Global:
planleggje og gjennomføre ulike typar arrangement
promotere arrangement til ulike målgrupper
ansvar for digital produksjon
vidareutvikle plattformer for forskingsformidling (skrift, lyd og bilde)
produsere profileringsmateriell
rettleiing og oppfølging av praksisstudent
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
erfaring med organisering av arrangement med internasjonale deltakarar/publikum
erfaring innan utvikling og redigering av design, grafikk, og web
fordel med erfaring frå video- og podcast-produksjon
god teft for effektiv bruk av sosiale media
vært gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Vi søkjer ein person som er omgjengeleg, kreativ og sjølvstendig medarbeidar med ambisjonar og serviceinnstilling – gjerne med erfaring frå forskingssektoren eller frå internasjonale organisasjonar.Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
utfordrande arbeidsoppgåver med rom for fagleg utvikling
eit hyggeleg, dynamisk og stimulerande arbeidsmiljø
høve til å forme innhaldet i formidlingsaktivitetane
stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58-64 (for tida kr 516 400 – 575 600). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.