Spennende jobbmulighet ved Universitetetsmuseet ved Universitetet i Bergen!
        Innhaldsprodusent / museumskurator
Søknadsfrist: 07.12.2021
            Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Kurator
Vil du vere med å skape og vidareutvikle Universitetsmuseet i Bergen (UM), ein av dei mest spennande forskingskommunikasjonsarenaene i landet?
Ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig ei 100% stilling som innhaldsprodusent/museumskurator (1434 rådgivar) i faggruppa Innhalds- og utstillingsproduksjon ved Avdeling for forskingskommunikasjon, med tiltreding snarast.
Universitetsmuseet er ein del av Universitetet i Bergen og ein viktig møteplass mellom akademia og samfunn. Avdeling for forskingskommunikasjon legg til rette for dialog rundt UiB sine ulike forskingsprosjekt og gir innsyn i kva form for kunnskap eit universitet produserer for samfunnet. Gjennom ulike formidlingsformat, og -metodar og gjennom museets mangfaldige samlingar av gjenstandar, kommuniserer Avdelinga forskinga ved Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen – frå forskingsgrupper, prosjekt og klynger, frå institutt og senter, og frå enkeltforskarar. Det er ei viktig oppgåve å inkludere studentar ved UiB i dette arbeidet. Avdelinga bidrar og til forskingskommunikasjon i samband med eksternfinansierte prosjekt.
Stillinga som innhaldsprodusent inngår i faggruppa Innhalds- og utstillingsproduksjon som er ansvarleg for å utvikle innhald til museet sine ulike kommunikasjonskanalar og kuratere museet sine ulike utstillingsprosjekt. Kurator utviklar konsept basert på forskingsspørsmål i samråd med forskarar som bidrar til den enkelte utstillinga. Storyline, oppstillingar og utstillingsdesign inngår i dette 2 arbeidet. Ei viktig oppgåve for kurator er å velje relevante verkemiddel (t.d. objekt, video, illustrasjonar, tekst) i tråd med konsept og forskingsspørsmål, og produsere dette innhaldet. Stillinga vil og ha ansvar for å kommunisere museet sine samlingar og eigen forsking i ulike format.
Som innhaldsprodusent og kurator vil du få særskilt ansvar for å kuratere konkrete enkeltprosjekt frå konsept til realisering, men og bidra til avdelinga sine andre kommunikasjonsprosjekt i samarbeid med museets avdelingar og UiBs ulike fagmiljø. Kurator rapporterer til faggruppeleiar. Personalansvaret for stillinga ligg hjå avdelingsleiar.
Arbeidsoppgåver:
- Delta i utviklinga og gjennomføringa av Avdeling for forskingskommunikasjon sitt program med særskilt ansvar for innhaldsproduksjon
 - Bidra i kuratering og innhaldsproduksjon til nye utstillingar, medieproduksjonar, oppdatering av basisutstillingar etc. i samråd med aktuelle fagmiljø, faggrupper og avdelingar
 - Bidra til at Universitetsmuseet sin forskingskommunikasjon er relevant, samfunnsaktuell og bidrar til å utfordre og sette dagsorden
 - Kommunisere UiBs forsking til omverda gjennom ulike formidlings- og kommunikasjonsformat og -metodar - i og eventuelt utanfor museumsbygga - med ein høg utskiftingsfrekvens
 - Byggje og vedlikehalde nye nettverk mot relevante UiB-miljø, musé og andre institusjonar
 
Noko ukurant arbeidstid, også i helger, må påreknast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø. Det kan bli gjort endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer etter ein engasjert, kreativ og kunnskapsrik person med god forståing av forskingskommunikasjon og brei erfaring frå innhaldsproduksjon. Vedkommande må ha god målgruppeforståing, og evna til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i team. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Personen vi søkjer må ha:
- utdanning på mastergradsnivå. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet
 - svært god meistring av bokmål, nynorsk og engelsk både skriftleg og munnleg
 - relevant og dokumentert erfaring med innhaldsproduksjon, som utstillingsproduksjon, videoproduksjon, tekstproduksjon, journalistikk, bilderedigering eller liknande
 - god innsikt i og forståing for forskingskommunikasjon i ulike formidlingsformat
 - brei kunnskap om og erfaring med prosjektverksemd med dokumenterte resultat
 - brei erfaring frå å koordinere og samarbeide med ulike ekspertisar
 - omfattande relevant fagadministrativ praksis og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa stilling sine funksjonar
 
Ønska kvalifikasjonar:
- gode relasjonelle eigenskapar og samarbeidsevner
 - erfaring frå kommunikasjons- og formidlingsarbeid i musé
 - god kompetanse innan digital verktøy som InDesign, SketchUp, Photoshop etc
 
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
 - Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønnssteg 64-69 (583 500–637 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
 - Medlemsskap i Statens pensjonskasse
 - Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
 - Gode velferdsordningar
 
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Avdelingsleiar Eli Kristine Økland Hausken, telefon 55589363 / 48133749, epost: eli.hausken@uib.no
 
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.