LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Innhaldsprodusent / museumskurator

Søknadsfrist: 07.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Museet har om lag 135 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette. Nærare informasjon om museet finn ein her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kurator

Vil du vere med å skape og vidareutvikle Universitetsmuseet i Bergen (UM), ein av dei mest spennande forskingskommunikasjonsarenaene i landet?

Ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig ei 100% stilling som innhaldsprodusent/museumskurator (1434 rådgivar) i faggruppa Innhalds- og utstillingsproduksjon ved Avdeling for forskingskommunikasjon, med tiltreding snarast.

Universitetsmuseet er ein del av Universitetet i Bergen og ein viktig møteplass mellom akademia og samfunn. Avdeling for forskingskommunikasjon legg til rette for dialog rundt UiB sine ulike forskingsprosjekt og gir innsyn i kva form for kunnskap eit universitet produserer for samfunnet. Gjennom ulike formidlingsformat, og -metodar og gjennom museets mangfaldige samlingar av gjenstandar, kommuniserer Avdelinga forskinga ved Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen – frå forskingsgrupper, prosjekt og klynger, frå institutt og senter, og frå enkeltforskarar. Det er ei viktig oppgåve å inkludere studentar ved UiB i dette arbeidet. Avdelinga bidrar og til forskingskommunikasjon i samband med eksternfinansierte prosjekt.

Stillinga som innhaldsprodusent inngår i faggruppa Innhalds- og utstillingsproduksjon som er ansvarleg for å utvikle innhald til museet sine ulike kommunikasjonskanalar og kuratere museet sine ulike utstillingsprosjekt. Kurator utviklar konsept basert på forskingsspørsmål i samråd med forskarar som bidrar til den enkelte utstillinga. Storyline, oppstillingar og utstillingsdesign inngår i dette 2 arbeidet. Ei viktig oppgåve for kurator er å velje relevante verkemiddel (t.d. objekt, video, illustrasjonar, tekst) i tråd med konsept og forskingsspørsmål, og produsere dette innhaldet. Stillinga vil og ha ansvar for å kommunisere museet sine samlingar og eigen forsking i ulike format.

Som innhaldsprodusent og kurator vil du få særskilt ansvar for å kuratere konkrete enkeltprosjekt frå konsept til realisering, men og bidra til avdelinga sine andre kommunikasjonsprosjekt i samarbeid med museets avdelingar og UiBs ulike fagmiljø. Kurator rapporterer til faggruppeleiar. Personalansvaret for stillinga ligg hjå avdelingsleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i utviklinga og gjennomføringa av Avdeling for forskingskommunikasjon sitt program med særskilt ansvar for innhaldsproduksjon
  • Bidra i kuratering og innhaldsproduksjon til nye utstillingar, medieproduksjonar, oppdatering av basisutstillingar etc. i samråd med aktuelle fagmiljø, faggrupper og avdelingar
  • Bidra til at Universitetsmuseet sin forskingskommunikasjon er relevant, samfunnsaktuell og bidrar til å utfordre og sette dagsorden
  • Kommunisere UiBs forsking til omverda gjennom ulike formidlings- og kommunikasjonsformat og -metodar - i og eventuelt utanfor museumsbygga - med ein høg utskiftingsfrekvens
  • Byggje og vedlikehalde nye nettverk mot relevante UiB-miljø, musé og andre institusjonar

Noko ukurant arbeidstid, også i helger, må påreknast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø. Det kan bli gjort endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert, kreativ og kunnskapsrik person med god forståing av forskingskommunikasjon og brei erfaring frå innhaldsproduksjon. Vedkommande må ha god målgruppeforståing, og evna til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i team. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Personen vi søkjer må ha:

  • utdanning på mastergradsnivå. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • svært god meistring av bokmål, nynorsk og engelsk både skriftleg og munnleg
  • relevant og dokumentert erfaring med innhaldsproduksjon, som utstillingsproduksjon, videoproduksjon, tekstproduksjon, journalistikk, bilderedigering eller liknande
  • god innsikt i og forståing for forskingskommunikasjon i ulike formidlingsformat
  • brei kunnskap om og erfaring med prosjektverksemd med dokumenterte resultat
  • brei erfaring frå å koordinere og samarbeide med ulike ekspertisar
  • omfattande relevant fagadministrativ praksis og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa stilling sine funksjonar

Ønska kvalifikasjonar:

  • gode relasjonelle eigenskapar og samarbeidsevner
  • erfaring frå kommunikasjons- og formidlingsarbeid i musé
  • god kompetanse innan digital verktøy som InDesign, SketchUp, Photoshop etc

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønnssteg 64-69 (583 500–637 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Avdelingsleiar Eli Kristine Økland Hausken, telefon 55589363 / 48133749, epost: [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS