Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Kommunikasjonsrådgjevar (Seniorrådgivar)
Vil du jobbe midt i eit verdsleiande fagmiljø som mellom anna forskar på det grøne skiftet, fornybar energi, livet i havet og forståinga av klimaendringane? Vi søkjer ein dyktig, initiativrik og strategisk anlagt kommunikasjonsrådgjevar for realfaga ved Universitetet i Bergen.
Du får eit sjølvstendig ansvar for å drive kommunikasjons-, rekrutterings- og påverknadsarbeid ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet i tett samarbeid med dekan, fakultetsleiing og dei sju institutta våre. Du ønskjer å vidareutvikle kommunikasjon som eit strategisk verktøy slik at fakultetet når sine mål om å synleggjera forsking, utdanning og innovasjon. Stillinga inngår i ein gruppe på tre stillingar som arbeider med desse feltane.
Arbeidsoppgåver
Gje kommunikasjonsråd og -støtte til leiinga
Gje kommunikasjonsråd til fagmiljø
Produsere innhald for ulike digitale kanalar og vere redaktør for sosiale medium
Utarbeide og gjennomføre omdømmestrategiar og kampanjar
Pleie kontakten med medier og handtere medieførespurnadar
Planleggje og gjennomføre interne og eksterne events
Koordinere informasjonsarbeid knytt til den langsiktige oppgraderingen av campusområdet vårt
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du har
relevant utdanning, helst på masternivå. I særskilte høve kan lang og relevant erfaring kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kompensere for manglande formell utdanning.
nokre års fartstid fra kommunikasjon, mediebransjen eller samfunnsliv – og kan vise til relevante resultat frå denne perioden.
personleg interesse for forsking, utdanning og innovasjon, og se at realfaga er viktige for å løyse store utfordringar.
god evne til å organisere og gjennomføre tiltak.
innsikt i samfunnsliv, næringsliv og politikk.
tryggleik på dei langsiktige måla, men likar å snu deg fort når dagsorden krev det.
gode samarbeidsevner og flink til å foreslå gode løysingar.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit høgt kompetent og internasjonalt forskings- og utdanningsmiljø
gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
stilling som seniorrådgjevar i lønssteg 65-72- (kode 1364) i det statlege lønsregulativet avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 594 300 – 677 600. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Dekan Gunn Mangerud, telefon 97557137 / e-post gunn.mangerud@uib.no , eller
Fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 97557135 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.