Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorrådgivar
Ved Bjerknessenteret er det ledig ei stilling som seniorrådgjevar.
Ein av våre kollegaer har funne nye utfordringar, og vi søkjer difor ein ny kollega med brei erfaring frå kommunikasjonsfaget, med vekt på mediekontakt og gjerne også med internasjonal erfaring.
Om senteretBjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) er eitt av dei største og mest anerkjende forskingsmiljø for forståing av klima og klimaendringar i Nord-Europa. BCCR sin visjon er å vere den sentrale nasjonale leverandøren av klimakunnskap. Bjerknessenteret er ein samarbeidsorganisasjon for naturvitskapleg klimaforsking mellom forskarar på Universitetet i Bergen, NORCE, Havforskingsinstituttet og Nansensenteret, med opp mot 300 forskarar tilknytt senteret i dag. Kommunikasjonsavdelinga tel totalt fire personar fordelt i 3,5 stilling, til å handtere ekstern og intern kommunikasjon.
Arbeidsoppgåver:
kontakt med media og våre forskarar.
produsere og formidle større og mindre saker gjennom foto, video og tekst både på norsk og engelsk.
planlegge og koordinere innhald til interne og eksterne målgrupper
mediekontakt og innsal til redaksjonar
utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar for prosjekt og arrangement
strategisk rådgjeving og generelt kommunikasjonsarbeid knytt til Bjerknessenteret og eksternt finansierte forskingsprosjekt.
Stillinga kan bli tillagd andre kommunikasjonsfaglege oppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer ein kollega som kan formidle gode historier raskt og treffsikkert i relevante kanalar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og samstundes vere ein lagspelar. Det er eit krav at du kan setje deg raskt inn i komplekse problemstillingar og kommunisere godt på norsk og engelsk. Stillinga er fast og oppstart er så snart som mogeleg.
Du har mastergrad, gjerne innan journalistikk eller kommunikasjonsfag. Lang og relevant erfaring frå media og kommunikasjonsarbeid kan i enkelte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
Du har minimum fem års relevant og dokumentert arbeidserfaring.
Du har dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon.
Du har god formidlingsevne og meistrar ulike kommunikasjonsformer både i form av tekst og video.
Du må vere ein dyktig innhaldsprodusent på flytande norsk og engelsk.
Du har teft for dei gode mediesakene.
Du er ein god lagspelar og relasjonsbyggar, med evne til sjølvstendig arbeid.
Du er strukturert og sjølvgåande.
Du har gode samarbeidsevner.
Om du har desse kvalifikasjonane og eigenskapane, håpar vi at du vil søkje stillinga hos oss.
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Dersom det ikkje skulle melde seg kvalifiserte søkjarar som seniorrådgjevar, kan det verte aktuelt å tilsetje ein rådgjever. Krav til utdanning og lønnsinnplassering vil då verte redusert tilsvarande.
Vi kan tilby:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 60 – 70, for tida kr. 584 500 - kr. 692 400 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Eva Beate Hårklau, eva.harklau@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.