LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsrådgjevar / gruppekoordinator (seniorrådgjevar)

Søknadsfrist: 07.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsrådgjevar/ gruppekoordinator (seniorrådgjevar)

Kommunikasjonsavdelinga søker etter ein idérik, strategisk og engasjert kommunikasjonsrådgjevar (1364 seniorrådgjevar) til å koordinere og utvikle arbeidet i gruppa Prosjekt og marknadsføring.

Gruppe for prosjekt og marknadsføring er sentral i arbeidet med å bygge UiB sitt omdømme gjennom strategisk kommunikasjonsarbeid mot dei sentrale målgruppene til UiB og skape engasjement og interesse. Med eit mål om at fleire skal få kjennskap til det som skjer ved UiB av utdanning, forsking og innovasjon, og for å styrke eit allereie godt omdømme, jobbar vi tett med leiande kommunikasjons- og analysebyrå i Noreg.

Vi ser etter deg som er tør tenkje stort og kreativt for å auke folk sin kjennskap til UiB, og planlegge kampanjar og kommunikasjonstiltak basert på analyse og heilskapeleg planlegging. Du har også solid erfaring med, evne og eigenskapar til å leie prosjekt og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner både internt og eksternt. Gruppekoordinator vil også vere arbeidsleiar for gruppa og erfaring med koordinering og leiing er ein fordel. Det same er erfaring med arbeid i ein stor og kompleks organisasjon. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Gruppa har i dag fem medarbeidarar med arbeidsoppgåver innan marknadsføring, omdømmearbeid, kommunikasjonsstøtte, studentrekruttering og større arrangement.Gruppekoordinator vil leie arbeidet i gruppa og inngå i leiargruppa på Kommunikasjonsavdelinga.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet er knytt til mellom anna studentrekruttering, forskingskommunikasjon, utvikling og bidrag til arrangement og samfunnsarenaer. Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av marknads- og profileringsoppgåver som krev høg kommunikasjonsfagleg kompetanse på digitale verktøy og plattformar, og forståing for moglegheitene som ligg i desse.

Gruppekoordinator vil samordne og utvikle arbeidet i gruppa og søke relevante samarbeid på tvers i organisasjonen og eksternt. Gruppekoordinator vil vere ein nøkkelperson i Kommunikasjonsavdelinga sin kontakt med eksterne byrå og arbeide strategisk og praktisk med utvikling av studentrekruttering og UiB sitt omdømme.

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på masternivå (lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte krav om utdanning)
  • Solid fagleg kompetanse innan merkevarebygging og digital marknadsføring
  • Erfaring med å koordinere samarbeid internt og eksternt
  • Dokumentert erfaring med prosjektleiing frå idéfase til gjennomføring
  • Systematisk, ryddig og initiativrik
  • Svært god skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk
  • Er ein god lagspelar og relasjonsbyggar

Vi kan tilby:

  • Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i trivelege lokaler i Bergen sentrum
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) etter årslønn kr 615 000 – 677 000 brutto i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn bli vurdert.
  • Gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Programdirektør for digitalisering Mathilde Holm: Mathilde.Holm@uib.no/ 455 15 304 eller
  • Seniorrådgjevar Ingeborg Revheim: ingeborg.revheim@uib.no/ 975 16 025

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS