LEDIG STILLING VED OSLOMET

Kommunikasjonsrådgjevar - forskingsformidling

Søknadsfrist: 08.08.2021

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Vil du vere med å formidle forsking frå OsloMet?

Det skjer mykje spennande forsking på OsloMet som vi ønskjer at fleire skal høyre om. No skal vi styrke arbeidet med forskingsformidling og spesielt fagområdet arbeidsinkludering.

Vi har no ledig ein midlertidig stilling ut desember 2022. Stillinga blir plassert i avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon ved OsloMet, men skal også vere knytta til Kompetansesenter for arbeidsinkludering ved Fakultet for samfunnsvitenskap.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere

  • ha medansvar for kommunikasjonsarbeidet på Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)
  • bistå i planlegging og gjennomføring av arrangement
  • bidra til nyhetsbrev og produksjon av nyhetssaker
  • skrive nyhetssaker om forskning for OsloMet sine nettsider og andre kanalar
  • gjere medieinnsal, utarbeide mediaplanar og drive relasjonsbygging mot media
  • svare på og handtere henvendingar frå media og andre interessentar
  • generell kommunikasjonsrådgjeving

Du må ha

  • relevant utdanning, minimum bachelor, gjerne innan medie- og kommunikasjonsfag
  • erfaring frå journalistisk arbeid eller innhaldsproduksjon
  • evne til å finne dei gode historiane og skape mediesaker
  • god innsikt i og kunnskap om bruk av media og digitale kommunikasjonskanalar
  • svært god formuleringsevne munnleg og skriftleg

Du bør ha

  • erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • erfaring med å skrive på nynorsk
  • god formidlingsevne på engelsk, munnleg og skriftleg
  • erfaring med publisering på nett

Meget god og relevant praksis kan kompensere for kravet om formell utdanning.

Vi ynskjer deg som

  • har engasjement for forsking og forskingsformidling
  • er initiativrik, idérik og likar nye utfordringar
  • kan sette deg raskt inn i varierte og komplekse tema
  • er vant med å jobbe med mange ulike personar og fagfelt
  • kan formidle godt og enkelt om komplekse tema
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar

I denne jobben skal du samarbeide med mange ulike forskarar på ein rekke fagfelt og med ulik mediaerfaring. Det er difor viktig at du har evne til å lytte og sjå etter gode vinklingar. Du må òg kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg.

Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen vår, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeidar aktivt for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søkja hos oss.

Vi kan tilby deg

  • spennande jobb på Noregs tredje største og mest urbane universitet
  • interessante, varierte og utfordrande kommunikasjonsoppgåver i ein stor organisasjon
  • eit godt arbeidsmiljø med mange dyktige kolleger med høge faglege ambisjoner
  • å bli kjent med eit breidt forsknings- og fagmiljø
  • personlege og faglege utviklingshøve
  • låne- og pensjonsbetingelser i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Vi handsamar kun søknadar sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må lastas opp for at din søknad skal handsamast. Dokumenta må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vera autoriserte. Dersom du vert innkalla til intervju må du visa fram originalen der. OsloMet kontrollerar dokument slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og ein rettferdig konkurranse.

I tillegg til søknaden ber vi om at det blir lagt ved to ulike arbeidsprøvar for å vise formidlingsevne.

Andre opplysningar

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med:

  • Fungerande seksjonssjef Hallvard Lavoll 93634354

Stillinga blir lønna iht. til Hovedtariffavtalene i staten og OsloMet sin lønnspolitikk, i 1434 rådgiver, lønnstrinn 50-66, dvs kroner 461 300 – 604 700,- pr. år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.

Søknadsfrist:  8. august 2021

Ref: 21/07137

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS