Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Informasjonsmedarbeider ved SV-info (vikariat)

Søknadsfrist: 19.11.2019

Er du vår nye kollega?

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.

Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Om stillinga

Vi søkjer etter ein dyktig og omgjengeleg medarbeidar til SV-info, informasjonssenter ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Vi har for tida eit ledig vikariat som førstekonsulent (stillingskode SKO1408) fram til og med 30.06.2020.

SV-info har som hovudoppgåve å gje studieinformasjon og yte tenester til studentar og søkarar knytt til Det samfunnsvitskaplege fakultet.

SV-info handsamar førespurnadar via skranke, e-post og telefon og har fire fulltidstilsette og seks deltidstilsette. Vi held til i første etasje i Eilert Sundts hus, Blindern. Opningstid er måndag til fredag kl. 09 -15.00.

Stillinga har som hovudoppgåve å bidra inn i drifta og utviklinga av SV-info, i tillegg til andre administrative oppgåver.

Arbeidsmetodikken er slik at SV-info fylgjer opp studentanes førespurnader frå start til slutt, framfor å sende dei vidare til direkte handsaming hos enkelttilsette andre stader i organisasjonen. For å klare å hjelpe studentane samarbeider SV-info mykje med studiekonsulentar og andre studieadministrativt tilsette både i fakultetsadministrasjonen og ved institutta. Arbeidskvardagen er prega av variasjon og ofte utfordrande og komplekse førespurnader.

I tillegg til drift av infosenteret arbeider dei tilsette ved SV-info med sakshandsaming, studiestart, rekruttering, internasjonalisering, tilrettelegging av studiekvardagen, læringsmiljø og studieadministrative rutinar.

Arbeidsoppgåver

  • Hjelpe studentar i skranke, per telefon og via e-post
  • Ha operativt ansvar for SV-info nokre dagar i veka
  • Studierettleiing
  • Sakshandsaming av studentsøknadar
  • Drift og utvikling av fakultetet sine digitale søknadsskjema
  • Videreutvikle SV-info sin bruk av UiO sine IT-system
  • Ansvar for SV-info sitt arbeid med internasjonale studentar
  • Andre administrative oppgåver

Vi tar atterhald om at stillinga kan bli tillagt andre oppgåver.

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte kravet om høgare utdanning.
  • Relevant erfaring med studieadministrativt arbeid eller informasjonsarbeid.
  • Svært god norsk- og engelskkunnskap, skriftleg og munnleg.
  • God kjennskap til og erfaring med bruk av IT som arbeidsverktøy.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • kommuniserer godt både på engelsk og norsk, skriftlig og munnleg.
  • er tålmodig og serviceinnstilt, og glad i å jobbe med menneske.
  • er nysgjerrig på nye digitale løysingar.
  • evner å vere effektiv og samstundes levere arbeid av høg kvalitet.
  • er dyktig på å formidle komplekse bodskap på ein forståeleg måte.
  • trivst i eit ungt og hektisk miljø.

Som tilsett ved SV-info vil du arbeide i opent landskap i eit team samansett av dyktige medarbeidarar som speler kvarandre gode. Vi samarbeider også mykje med kollegaer ved andre einingar. Det er viktig at du sjølv ynskjer å bidra og arbeide i eit slikt miljø.

Vi legg stor vekt på at personen vi ansett høver i stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit hyggeleg og innovativt arbeidsmiljø
  • Løn som førstekonsulent (stillingskode SKO1408) fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kroner 464 000– 504 700 basert på kompetanse og erfaring
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

Søknad (ev. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS