Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Seksjonssjef for kommunikasjonsseksjonen - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 14.10.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.


Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Om stillinga

Det humanistiske fakultet søker ein solid fagleg og strategisk leiar for kommunikasjonsseksjonen.

Det humanistiske fakultet er eit av dei største fakulteta ved Universitetet i Oslo. Prioriterte strategiske ambisjonar for fakultetet er utdanningskvalitet og gjennomføring samt auking i eksternt finansiert verksemd. Vidare er det viktig å styrke dialogen med omverda og arbeide for at kunnskap blir teke i bruk.

Vi søker ein seksjonssjef med gode leiaregenskaper og forståing for kommunikasjonsarbeid i høgre utdanning.

Stillinga vil primært ha operative oppgåver, men også bidra i strategiske vurderinger og prosesser. Du må trivast i begge rollene. Stillinga rapporterer til fakultetsdirektøren. Seksjonssjefen deltar i fleire av leiarmøta på fakultetet.

Seksjonssjefen vil også delta i kommunikasjonsleiarnettverket for UiO.

Fakultetsadministrasjonen har seks seksjonar med til saman ca. 75 medarbeidarar. Fakultetet yter fellestenester til institutta innanfor verksemdområda IT, personal/HR, kommunikasjon og økonomi.

Kommunikasjonsseksjonen har i dag 9 medarbeidarar. Seksjonen jobbar mellom anna med nett, intern- og eksternkommunikasjon, sosiale media og rådgjeving.

Meir om fakultetet på www.hf.uio.no

Viktige arbeidsoppgåver i stillinga

Seksjonssjefen har personalansvar for kommunikasjonsseksjonen og skal leie og utvikle seksjonen.

Seksjonssjefen har/skal:

  • Strategisk fagansvar for kommunikasjonsfeltet, og ansvar for å følge opp fakultetet og UiO sine overordna strategiar og planar på kommunikasjonsområdet.
  • Vidareutvikle kommunikasjonstenestene og samordne kommunikasjon på tvers av einingar, verksemdsområde og kanalar.
  • Gi råd og legge til rette for kommunikasjonsstøtte til leiinga på fakultet og institutta.
  • Måle og synliggjere effekten av kommunikasjonsverkemiddel.

Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum på bachelornivå. Realkompetanse med relevans for dei konkrete oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • Solid kommunikasjonsfagleg kompetanse og erfaring. Det er ein fordel med erfaring frå kommunikasjonsarbeid i universitets- og høgskulesektoren.
  • Relevant leiarerfaring med personalleiing.
  • Erfaring knytta til rådgiving av leiing og strategisk kommunikasjon.
  • Kunnskap om digitale plattformer, verktøy, måling og analyse.
  • Erfaring med handtering av media.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Arbeidsspråket er norsk.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som liker å jobbe som lagspelar i ein kompleks kunnskapsorganisasjon med mange interessentar. Du har evne til å arbeide systematisk, er resultat- og løysingsorientert samt nytenkande. Du har god forståing for institusjonen sitt særmerke og evner å sette dette inn i ein kommunikasjonsfagleg samanheng.

Du er ein tydeleg og motiverande leiar og legg stor vekt på å følge opp og utvikle dine medarbeidarar og skape eit godt arbeidsmiljø. Vi vektlegg også eigenskapar som samarbeidsevne, serviceinnstilling og fleksibilitet.

Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar som gjer søkarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 723 200 til kr 860 300 per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse for stilling som seksjonssjef
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysingar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om korleis søke:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS