Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Nettredaktør for studieinformasjon - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 09.08.2021

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Har du røynsle frå nettarbeid og studieadministrasjon? Vi er på jakt etter ein rådgjevar som forstår studentar og som kan finne nettløysingar som gjer god, nyttig og effektiv kommunikasjon med studentar. Studienettredaktøren skal vere med på å strukturere og oppdatere fakultets studienettside i samarbeid med arbeidslivskoordinator.

Studienettredaktøren er formelt underlagt fakultetet si studieseksjon, ein seksjon med 16 tilsette. Seksjonen høyrer inn under fakultetsadministrasjonen som har omlag 60 tilsette. Arbeidsoppgåvene som studienettredaktøren har er spesielt knytta opp mot studieadministrasjonen ved fakultetet, men også seksjon for kommunikasjon. Du vil vere ein viktig del av informasjonsarbeidet ved fakultetet og jobbe tett saman med kommunikatører og studieadministratorar ved einingane.

Arbeidsoppgåver

  • Redaksjonelt og operativt ansvar for fakultetet si studienettside
  • Fakultetskoordinator for Canvas og Leganto, som inneber drift og opplæring
  • Lede utviklingsprosjekt samt gje råd og opplæring til einingane ved fakultetet
  • Utgreiings- og analysearbeid knytta til studienettsidne
  • Representant for fakultetet i universitetet si studienettredaksjon, Canvas- og Legantonettverk
  • Koordinator for fakultetet sine web- og rekrutteringsnettverk i samarbeid med arbeidslivskoordinator
  • Representant i fakultetet si nettredaksjon og tett samarbeid med nettredaktøren

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande masternivå. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte kravet om høgare utdanning, om kandidaten konkret kan dokumentere evne til å meistre oppgåver på det aktuelle nivået
  • Stillinga krev svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
  • Relevant røynsle frå nettbasert kommunikasjon og brukarstøtte
  • Røynsle med studieadministrativt arbeid er ein fordel, særleg knytta til felles studentsystem (FS) og Canvas
  • Det er ein fordel med røynsle frå prosjektarbeid og opplæring innan fagfeltet kommunikasjon/nettpublisering
  • Det vil leggjast avgjerande vekt på personleg egnethet for stillinga og personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Likar å jobbe i team og har god samarbeidsvilje
  • Har evne til å begeistre og å få ulike einingar til å trekkje i same retning
  • Er dyktig på å formidle komplekse bodskap på ein enkel måte
  • Er i stand til å vere effektiv samstundes som du leverer arbeid av høg kvalitet
  • Er genuint interessert i kommunikasjonsarbeid på nett
  • Er initiativrik og serviceorientert
  • Er fleksibel og omgjengeleg

Vi tilbyr

  • Løn som rådgjevar, stillingskode 1434, fastsetjast etter individuell vurdering innanfor et spenn mellom ltr. 59-69, kr. 534 400-637 900, avhengig av kompetanse
  • Utfordrande arbeidsoppgåvar i eit aktivt og hyggeleg miljø
  • Gode velferdsordningar
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i en IA-verksemd

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV

Når du søkjer er det viktig at du fyller inn informasjon frå CV direkte i feltene i skjemaet. Du bør i tillegg ha en CV klar for opplasting som vedlegg. Det er også mogleg å laste opp andre vedlegg, som vitnemål og attester, men det er ikkje obligatorisk. I tillegg ber vi om at du skriv eit søknadsbrev i eit eiget felt, og råder om at du har søknadsteksten klar på førehand.

Universitetet i Oslo har ein avtale om overtaking for alle tilsette, med føremål å sikre rettane til resultat av arbeid m.m. Klikk her for å sjå dei gjeldande retningsliner og utfyllande bestimming for tilsetting i teknisk/administrative stillinger ved Universitetet i Oslo.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

For tekniske spørsmål knytta til Jobbnorge: Personalrådgjevar Rebecca Hynes

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS