LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Konsulent - kommunikasjonsarbeid

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Konsulent kommunikasjonsarbeid

Kommunikasjonsavdelinga søker ein dyktig konsulent i fast 20 % stilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge innhald til sosiale medium (Instagram, Facebook, Twitter og LinkedIn)
  • Produsere innhald til sosiale medium (redigere grafiske plakatar, bilde og video)
  • Lage innhald til uib.no
  • Lage innhald til sosiale medium
  • Ta foto/video
  • Jobbe på arrangement
  • Bruke nettverk for å kome i kontakt med relevante personar
  • Andre arbeidsoppgåver kan vere aktuelle

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minimum eit års høgare utdanning, påbegynt bachelorgrad eller tilsvarande
  • Må ha brei kunnskap om sosiale medium
  • Må vere i stand til å tenke kreativt både visuelt og skriftleg
  • Må kunne skrive både norsk og engelsk godt
  • Må kunne jobbe sjølvstendig og ta eigne initiativ
  • Må kunne samarbeide med andre og jobbe i team
  • Må kunne tenke strategisk rundt kommunikasjon og sosiale medium
  • Godt nettverk i studentmiljøet
  • Bør ha brei kunnskap om og interesse for akademia, karriere og ulike bransjar
  • Føremon med kunnskap om digitale verktøy og/eller bilde- og videoredigering (Facebook Business Manager, Instagram Innsikt, Adobe Spark, Adobe Photoshop, Adobe Premiere Rush)
  • Fordel med erfaring frå journalistisk arbeid eller kommunikasjonsarbeid

Vi kan tilby:

  • Fagleg utfordrande oppgåver i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Stilling som konsulent (kode 1065/LR17.7) i lønnstrinn 42-48 (for tida kr. 407 900 – 446 800) brutto pr år i full stilling) etter tenesteansiennitet i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Gruppeleiar Jørgen Johnsen, jorgen.johnsen@uib.no, tlf. 97647829

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stilliingen

Powered by Labrador CMS