LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonskonsulent (vikariat) ved Fakultet for kunst, musikk og design

Søknadsfrist: 26.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonskonsulent

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig eit års vikariat som kommunikasjonskonsulent (100 %). Vi søkjer ein person som er oppteken av utvikling, har gode samhandlingsevner og som ønskjer å være med på å styrke fakultetets kommunikasjons- og formidlingsarbeid. Det er ønskeleg med snarleg tilsetting.

Fakultet for kunst, musikk og design har kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudformål. For tida har fakultetet 180 tilsette og kring 630 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du på vår nettside: uib.no/kmd

Aktiviteten til fakultetet er lokalisert i Møllendalsveien 61 (Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst og Institutt for design) og i Nygård Skole (Griegakademiet - Institutt for musikk). Arbeidsstad vil kunne variere mellom dei to lokasjonane.

Som kommunikasjonskonsulent inngår du i ei gruppe på fire medarbeidarar. Stillinga rapporterer til assisterande fakultetsdirektør. Stillinga inngår i ein administrasjon på om lag 25 årsverk. Det er utstrekt samarbeid på tvers i administrasjonen, og med vitskapleg og kunstnarisk stab.

Arbeidsoppgåver:

  • Generelt kommunikasjonsarbeid knytt til fakultetet sin aktivitet
  • Produsere og formidle større og mindre saker gjennom foto, video og tekst
  • Delta i arbeid med årsplanlegging mellom fakultetsfunksjonar
  • Oppdatering og vedlikehald av fakultetets nettsider
  • Utforming og design i tilknyting til forskingsprosjekt, konferansar og utstillingar/konsertprogram

Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av kommunikasjonsformer og krev ein initiativrik person med god kommunikasjonsfagleg kompetanse, god digital forståing og evner til å produsere innhald både til eigne nettsider og ulike sosiale media. Førstekonsulenten må også evne å jobbe systematisk med å styrke fakultetet sitt omdøme.

Arbeidsstad og arbeidsoppgåver vil kunne variere. Den som vert tilsett må kunne rekne med å gjere anna arbeid innanfor gruppa sitt arbeidsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha høgare utdanning på minimum bachelornivå, eller tilsvarande utdanning, helst innanfor relevant fagområde for stillinga. Mastergrad vil være ein føremon. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • God kjennskap til, eller røynsle særleg frå kunst- og kulturfeltet i universitets- og høgskulesystemet er ein føremon
  • Det er naudsynt med god IT- kompetanse og erfaring med CMS- system
  • Solid kunnskap og forståing av sosiale medieplattformar som Facebook og Instagram
  • God designfagleg kompetanse og erfaring med bruk av nødvendig programvare
  • Kjennskap til video- og fotoproduksjon er ein føremon
  • Kunne planlegge, prioritere og sikre gjennomføring i prosessar
  • Evne til å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser

Vi søkjer ein omgjengeleg og fleksibel kandidat som kan jobbe både sjølvstendig og på lag. Vedkomande må kunne setje seg hurtig inn i komplekse problemstillingar og kommunisere godt på norsk og engelsk.

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanning og det profesjonelle musikkfeltet
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 53 - 58 (kode 1408/LR 21, alternativ 51) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 493 700 - 534 900. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Fakultetsdirektør Synnøve Myhre, e-post synnove.myhre@uib.no, tlf. nr. 93 48 46 14

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS