LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Kommunikasjonskonsulent (50 %) ved SLATE
Søknadsfrist: 06.06.2022
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Vi søker ein dedikert deltidsansatt (50 %) kommunikasjonsansvarleg (seniorkonsulent) ved SLATE.
Centre for Science of Learning & Technology (SLATE) er eit forskingssenter for læringsvitenskap som utfører tverrfagleg forsking om bruk av data og dataanalytiske tilnærminger (læringsanalyse) for å forstå læring, undervising og kreative kunnskapsprosessar på tvers av livslang læring. Vi er eit dynamisk og inkluderande miljø på om lag 20 personar.
Arbeidsoppgåver:
Kommunikasjonskonsulenten vil ha ei nøkkelrolle i å auke bevisstheita om senterets aktivitetar og resultat. Stillinga vil vere ein del av SLATEs administrative team og arbeidsoppgåver inkluderer:
- Sikre god informasjonsflyt, både innafor senteret og til interessentar
- Sette opp og gjennomføre kommunikasjonsplanene saman med senterleiing og forskarar
- Vedlikehalde og utvikle nettsider og sosiale medier for å kommunisere resultata til det generelle publikum
- Produksjon av korte videosnuttar/innlegg, nyheitsbrev, brosjyrer, rapportar og opprullingar som forklarer senterets omfang og sentrale resultat
- Oppretthalde medierelasjonar for å fremje ekspertane og dei nyaste forskingsresultata og innovasjonane frå senteret
- Organiser dedikerte møter, workshops, konferansar og nettverksarrangement for partnarar og interessentar
- Andre oppgåver kan leggast til etter behov.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkaren må ha bachelorgrad og fortrinnsvis mastergrad i relevante fagområde. Lang og relevant erfaring med arbeidsoppgåvene kombinert med relevant etter- og vidareutdanning, kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Kunnskap om emne innan læring og teknologi er ein føremon.
- Det krevst god generell IT-kompetanse og vilje til å lære, inkludert publiserings- og designverktøy (Adobe CC, WordPress, Webflow, Google-verktøy, MS Teams osv.).
- Gode evner i både skriftleg og munnleg norsk og engelsk.
- Arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til samarbeid
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Stilling som 50 % seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 56-60 (for tida kr 507 600 - 543 500 i 100 % stilling ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Eit tverrfagleg, interaktivt og utfordrande arbeidsmiljø
- Ein fantastisk arbeidsplass lokalisert i Bergen sentrum
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden din må innehalde:
- Eit følgjebrev med ei kort utgreeing av interesser og motivasjon for å søke stillinga
- Navn og kontaktinformasjon for to referansepersonar
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål
- Relevante attestar/referansar
- Kommunikasjonsportefølje, inkludert lenker til bl.a. sosiale mediekontoar (personlege eller administrerte), nettsider og anna kommunikasjonsmateriale som er tilgjengelege for publikum
- Søknad og vedlegg med sertifiserte oversettelsar til engelsk eller eit skandinavisk språk må bli lasta opp i JobbNorge
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- administrasjonssjef Jorunn Viken, jorunn.viken@uib.no, tlf.: 90131832
- senterdirektør Barbara Wasson, barbara.wasson@uib.no, tlf.: 91141297
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.