Informasjon- og kommunikasjonskonsulent - Eigedomsavdelinga
Søknadsfrist: 16.08.2020
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Informasjon- og kommunikasjonskonsulent
Universitetet i Bergen er med sine 16 400 studentar og vel 3 600 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.
Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 465 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 230 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.
Fagstøtte og stab har spesialistar på ein rekke ulike områder som leverar tenester på tvers i avdelinga.
Informasjon- og kommunikasjonskonsulentVed Eigedomsavdelinga, Fagstøtte og Stab er det ledig ei fast 100 % stilling som informasjon- og kommunikasjonskonsulent. Vi søker etter ein dyktig, erfaren og engasjert medarbeidar som kan være med å styrke informasjons- og kommunikasjonsarbeidet i avdelinga. Som informasjon- og kommunikasjonskonsulent/rådgivar bør du være glad i å formidle både skriftlig og munnleg. Du bør være utåtvent, pålitelig, og ha teft for kva som er av interesse for ulike målgrupper, samt forstå korleis kommunikasjon kan brukas til å få frem bodskap som skal formidlast
Arbeidsoppgåver:
Stillinga rapporterer til ass. eigedomsdirektør (seksjonssjef Fagstøtte og Stab) og vil ha følgjande arbeids- og ansvarsområde:
Koordinere arbeidet med avdelingas kunnskapsdatabase i UiBhjelp inkl. halde oversikt, innhente innspel og publisere
Utvikle / utvide informasjon og tenester frå EIA i UiBhjelp. Bidra til at UiBhjelp vidareutviklast til en fullverdig kunnskapsbase og sjølvbetjeningsløysing for tilsette
Koordinere arbeidet med avdelingas web/ansattsider inkl. halde oversikt, innhente innspel og publisere
Systematisk jobbe med intern kommunikasjon på avdelinga. Utvikle rutinar og kommunikasjonskanalar som fremmer betre informasjon / kommunikasjon internt
Jobbe med informasjon mot brukarane. Medverke til utvikling av rutinar og kommunikasjonskanalar som fremmer betre informasjon / kommunikasjon mot brukaren
Enkeltprosjekter knytt til informasjon/kommunikasjon – f.eks. bistå med utforming av informasjonsmateriell, brosjyrar, elektroniske skjema, nyheitsbrev, kart etc
Bistå med andre administrative oppgåver i seksjonen: - Ekspedere besøkande til avdelinga, betene henvendelsar til avdelingen - Administrere utleie av velferdshytter og kantiner- Bestillingar og mottak av varer
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha følgjande kvalifikasjonar:
Høgare relevant utdanning på minimum bachelor/master nivå. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i noen tilfelle kompensere for utdanningskravet
Relevant erfaring frå tilsvarande oppgåver
Gode datakunnskapar og god kjennskap til administrative IT-system og bruk av publiseringsverktøy
Gode språkkunnskapar og god formuleringsevne munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser etter ein person med:
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Evne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
Evne til å ta initiativ og vere løysingsorientert
Evne og vilje til å bidra til utvikling av rutinar og samarbeid ved avdelinga
God serviceinnstilling og sosiale ferdigheter
Gode samhandlings- og kommunikasjonsevne
Vilje til å bidra positivt til arbeidsmiljøet
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
Løn etter stillingskode 1363 Seniorkonsulent / 1434 Rådgivar i lønssteg 55-67 (for tida kr 488.000 – 605.500) i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Ass. eigedomsdirektør Agnethe Erstad Larsen, mobil 97 06 13 06, e-post: agnethe.larsen@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.