Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingskonsulent (formidling / kommunikasjon)

Søknadsfrist: 09.06.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


ARENA Senter for europaforsking er eit forskingssenter ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Senteret har som hovudmål å vidareutvikla miljøet som eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking på politisk integrasjon i Europa og som eit av dei leiande sentra på dette området internasjonalt. ARENA koordinerer og deltek i fleire internasjonale forskarnettverk og prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd og EU sitt Horisont 2020-program. Sjå våre nettsider for meir informasjon om dei ulike fagfelta ARENA forskar på.

Om stillinga

ARENA Senter for europaforsking har eit ledig vikariat på opp til 11 månader (100 %) som seniorkonsulent (SKO 1363) grunna foreldrepermisjon. Vi søkjer ein dyktig og sjølvstendig kollega som kan starte snarleg.

Du vil få ansvaret for kommunikasjons- og formidlingsarbeidet ved ARENA, samt oppgåver knytt til formidling på to EU-finansierte prosjekt: EU3D og DiCE. Du vil vere ein av fire tilsette som samarbeider tett i ARENA sin administrasjon, i tillegg vil du jobbe tett på både senterleiar og forskarar.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for forskingsformidling på det internasjonale ARENA-koordinerte prosjektet EU3D, inkludert nettside, blogg, nyheitsbrev, Twitter, videoproduksjon, mediestrategi og samfunnskontakt
  • Nettredaktør for prosjektet DiCE og del av ei gruppe som skal utvikle ein internasjonal portal for forsking på EU-differensiering
  • Ansvar for ekstern kommunikasjon og formidlingsarbeid ved ARENA, inkludert nettsider, nyheitsbrev, sosiale medier, pressekontakt og samfunnskontakt, delta i nettredaksjonen og kommunikasjonsnettverket ved Det samfunnsvitskapelege fakultet
  • Registrering og rapportering av publikasjonar, superbrukar på ARENA for det nasjonale forskingsinformasjonssystemet CRIStin.

ARENA er eit lite senter som er avhengig av å hente inn finansiering frå eksterne kjelder, særleg EU sine forskingsprogram og Noregs Forskingsråd. Prosjektporteføljen er i stadig utvikling, og administrasjonen samarbeider tett ved større søknader, rapportering og arrangement. Andre oppgåver kan difor kome til, og ansvarsfordelinga i administrasjonen kan gjennomgå endringar i tråd med denne utviklinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Du har relevant utdanning på bachelornivå eller høgare, helst innan samfunnsfag og senteret sine fagfelt. Dokumentert relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du har kunnskap om, eller utdanning innan, dei faglege tema det vert forska på ved ARENA.
  • Du har godt språk, både på engelsk og norsk, skriftleg og munnleg, og har evne til å formidle komplisert forsking i ulike format og kanalar.
  • Du bør ha grunnleggande kunnskap om Den europeiske union og gjerne interesse for forsking på europeisk integrasjon og EU.
  • Du bør ha erfaring med forskingskommunikasjon.
  • Du bør ha erfaring med nettredigeringsverktøy (gjerne Vortex), Adobe-pakka og elles god kjennskap til ulike kommunikasjonskanalar og målgrupper.
  • Det er eit føremon om du også har erfaring med administrasjon og drift av EU-finansierte forskingsprosjekt.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • Tek ansvar, og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • Er kvalitetsmedveten, grundig og fleksibel
  • Har gode samarbeidsevner
  • Kan handtere og prioritere mellom ulike oppgåver samstundes og i eit tidvis hektisk miljø
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Det blir lagt avgjerande vekt på at du som person høver i stillinga.

Vi tilbyr

  • Løn som seniorkonsulent (SKO 1363) mellom kr. 496 100 - 583 900 avhengig av kompetanse
  • Eit godt, internasjonalt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida og gode velferdsordningar og god pensjonsordning

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, bakgrunn og erfaring
  • CV
  • Relevante vitnemål med karakterutskrifter
  • Namn på 2-3 referansar (inkludert tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer).

Søknad med vedlegg må sendast via rekrutteringssystemet JobbNorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Administrativ leiar: Ida Hjelmesæth, tlf: 97571833, e-post: ida.hjelmesath@arena.uio.no
  • Prosjektleiar/seniorrådgjevar: Geir Ove Kværk, tlf: 99513791, e-post: g.o.kvark@arena.uio.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS