LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsmedarbeidar (seniorkonsulent) - Bjerknessenteret

Søknadsfrist: 10.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Bjerknessenteret er det ledig ei nyoppretta stilling som kommunikasjonsmedarbeidar (seniorkonsulent). Vi vil styrke kommunikasjonsstaben og søkjer difor ein ny kollega som kan formidle gode historier raskt og treffsikkert i relevante kanalar.

Om senteret

Bjerknessenteret (BCCR) (Bjerknessenteret for klimaforskning (uib.no)) er eitt av Europa sine største og mest anerkjende forskingsmiljø for forståing av klima og korleis det endrar seg. BCCR sin visjon er å vere det leiande internasjonale senteret for å varsle klimaendringar i ein global kontekst og vere den sentrale nasjonale leverandøren av klimakunnskap. Dei tematiske forskingsområda på senteret er globalt klima, polart klima, klimafarar og karbon. Det er meir enn 300 personar knytt til senteret i dag.

Senteret har i dag to personar i 100% stilling og ein i 60% stilling til å handtere ekstern og intern kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver:

  • produsere og formidle større og mindre saker gjennom foto, video og tekst
  • vurdering kring kanalval tilpassa våre målgrupper
  • kontakt med media og våre forskarar
  • strategisk og generelt kommunikasjonsarbeid knytt til Bjerknessenteret og eksternt finansierte forskingsprosjekt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du bør ha bachelorgrad. Relevant realkompetanse kombinert med lang relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du må ha relevant og dokumentert yrkeserfaring frå media og kommunikasjon, gjerne internasjonal erfaring.
  • Solid erfaring innan strategisk bruk av sosiale media, video- og fotoproduksjon er eit krav.
  • Å vere ein dyktig innhaldsprodusent på flytande norsk og engelsk er eit krav
  • Du bør ha kjennskap til europeisk og internasjonal forskingsformidling
  • Erfaring frå kursing samt produksjon og planlegging av podcast er ei føremon
  • Å kommunisere godt på norsk og engelsk er eit krav

Vi søkjer ein person som

  • er omgjengeleg og fleksibel
  • kan jobbe både sjølvstendig og på lag
  • kan setje seg hurtig inn i komplekse problemstillingar

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn som seniorkonsulent (kode 1363) med ei årslønn mellom kr 493 700,- og kr 534 900,- avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Kommunikasjonsleiar Gudrun Sylte, Bjerknessenteret, telefon 408 56 457

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS