LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Kommunikasjonsmedarbeidar (Seniorkonsulent) - HR-avdelinga

Søknadsfrist: 28.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsmedarbeidar (Seniorkonsulent)

Vi søkjer ein engasjert og initiativrik kommunikasjonsmedarbeidar i fast 100 % stilling. Stillinga er lagt til Seksjon for arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling ved HR-avdelinga. Du blir ein del av eit aktivt og kompetent fagmiljø med oppgåver som femnar om systematisk HMS-arbeid, beredskap og berekraft, samt organisasjons- og kompetanseutvikling.

Hovudoppgåvene i stillinga vil vere knytt til kommunikasjonsarbeid og prosjektstøtte. Vi oppfordrar nyutdanna til å søkje

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre interne kommunikasjonsaktiviteter
  • Produsere og publisere digitalt innhald til interne målgrupper
  • Koordinere og vidareutvikle HR-avdelinga sine nettsider
  • Støtte prosjektleiarar i gjennomføring av prosjektaktivitetar
  • Samarbeide med andre relevante interne og eksterne grupper
  • Arbeidsoppgåvene i stillinga kan bli endra ved behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant utdanning på bachelornivå, alternativt relevant arbeidserfaring
  • Erfaring med kommunikasjons- og nettsidearbeid
  • God digital kompetanse
  • Svært god munnleg og skriftleg formulerings- og framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Sjølvstendig, nysgjerrig og løysningsorientert
  • Gode relasjonelle eigenskapar og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i et stort og stimulerande arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg og personleg utvikling og utstrekt kontakt med andre fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønnstrinn 56-62 (for tida kr. 507 600 - 563 900 brutto) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Ingve Bergheim, tlf. 948 04 075, eller
  • HR- direktør Sonja Irene Dyrkorn , tlf. 481 62 687

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS