Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Informasjonsmedarbeidar i 20% fast stilling ved SV-info (1065 konsulent)

Søknadsfrist: 24.09.2021

SV-INFO SØKJER STUDENTAR

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Om stillinga

Vi søkjer 1-2 dyktige og omgjengelge medarbeiderar til SV-info, informasjonssenteret ved det samfunnsvitskapelge fakultet, til to faste 20% stillingar som konsulent (SKO 1065).SV-info har som hovudoppgåve å gje studieinfomrasjon og yte tenester til studentar og søkjarer knytt til det samfunnsvitskapelege fakultet.

SV-info handsamar førespurnader via skranke, e-post og telefon og har fire fulltidstilsette og seks deltidstilsette. Vi held til i første etasje i Eilert Sundts hus, Blindern. Opningstid er måndag til fredag kl. 0900-1500.

Foto: Colourbox

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere å svare på studentførespurnadar i tillegg til diverse påkomande arbeid. Primær arbeidstid er ein dag i veka (20%), i tillegg vil det vere tilbod om ekstravakter ved behov. I hektiske periodar, som ved semesterstart, må du kunne arbeide 3-5 dagar i veka. Vi forventar òg ekstra innsats i juni og desember.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som:

  • er student ved UiO
  • kommunisere godt både på engelsk og norsk, skriftleg og munnleg
  • har gode samarbeidsevner
  • er tålmodig og serviceinnstilt, og glad i å jobbe med menneske
  • er fleksibel med tanke på ekstrajobbing
  • evnar å vere effektiv og samstundes levere arbeid av høg kvalitet
  • er dyktig på å formidle komplekse bodskap på ein forståeleg måte
  • trivst i eit ungt og hektisk miljø

Personlege eigenskapar

Som tilsett ved SV-info vil du arbeide i ope landskap i eit team samansett av dyktige tilsette som speler kvarandre gode. Vi samarbeider også mykje med kollegaer ved andre einingar. Det er viktig at du sjølv ønskjer å bidra og arbeide i eit slikt miljø. Vi legg stor vekt på at personen vi tilset passar i stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit hyggeleg og innovativt arbeidsmiljø
  • Løn som konsulent, stillingstittel kode 1065 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor LR17, fra kr. 407 900 avhengig av kompetanse evt. og ansiennitet
  • Gode velferdsordningar
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS