Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Informasjonsmedarbeidar (Førstekonsulent) - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 15.03.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.


Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Om stillinga

Vi har for tida ei ledig 100 % fast stilling som førstekonsulent (stillingskode SKO1408), ved SV-info, informasjonssenteret ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

SV-info har som hovudoppgåve å gi studieinformasjon og å yte tenester til studentar og søkarar knytt til Det samfunnsvitskaplege fakultet.

SV-info handsamar førespurnadar via skranke, e-post og telefon og har fire fulltidstilsette og seks deltidstilsette. Vi held til i første etasje i Eilert Sundts hus, Blindern. Opningstid er måndag til fredag kl. 0900-15.00.

Stillinga har som hovudoppgåve å bidra inn i drifta og utviklinga av SV-info, i tillegg til andre administrative oppgåver.

Arbeidsmetodikken er slik at SV-info følger opp studentanes førespurnader frå start til slutt, framfor å sende dei vidare til direkte handsaming hos enkelttilsette andre stader i organisasjonen. For å klare å hjelpe studentane samarbeider SV-info mykje med studiekonsulentar og andre studieadministrativt tilsette både i fakultetsadministrasjonen og ved institutta. Arbeidskvardagen er prega av variasjon og ofte utfordrande og komplekse førespurnader.

I tillegg til drift av infosenteret arbeider dei tilsette ved SV-info med sakshandsaming, studiestart, rekruttering, internasjonalisering, tilrettelegging av studiekvardagen, læringsmiljø og studieadministrative rutinar.

Arbeidsoppgåver

  • Ha operativt ansvar for drifta av SV-info nokre dagar i veka: Inneber ansvar for å koordinere teamet som er på jobb og fordele og prioritere oppgåver, svare på spørsmål frå resten av teamet, følge opp hastesaker og ha dialog med andre einingar
  • Ansvar for drift og utvikling av digitale søknadsskjemaer ved fakultetet
  • Videreutvikle bruken av IT-systema til UiO ved SV-info
  • Ansvar for arbeidet med internasjonale studentar ved SV-info
  • Hjelpe studentar i skranke, per telefon og via e-post
  • Studierettleiing
  • Sakshandsaming av studentsøknadar

Vi tar atterhald om at oppgåvene kan endrast.

Kvalifikasjonskrav

  • Stillinga krev relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelorgrad.

Realkompetanse kan erstatte utdanningskrav.

  • Relevant røynsle med digitale brukarløysingar og/eller studieadministrativt arbeid og/eller informasjonsarbeid
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • Svært god røynsle med bruk av IT som arbeidsverktøy
  • Svært god norsk- og engelskkunnskap, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er nysgjerrig på og interessert i digitale løysingar
  • er sjølvstendig
  • er tålmodig og serviceinnstilt, og glad i å jobbe med menneske
  • er effektiv og levere samstundes arbeid av høg kvalitet
  • er dyktig på å formidle komplekse bodskap på ein forståeleg måte
  • trivst i eit ungt og hektisk miljø

Som tilsett ved SV-info vil du arbeide i ope landskap i eit team samansett av dyktige ansatte som speler kvarandre gode. Vi samarbeider også mykje med kollegaer ved andre einingar. Det er viktig at du sjølv ønskjer å bidra til i eit slikt miljø.

Vi legg stor vekt på at personen vi tilset passar i stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit hyggeleg og innovativt arbeidsmiljø.
  • Løn som førstekonsulent (stillingskode SKO1408) fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kroner 466 500 - 535 200 basert på kompetanse og erfaring.
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med relevante vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Spørsmål til stillinga kan rettast til:

  • Ingvill N. Bojer, tlf. 22 85 98 49

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Leder for SV-info:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS