LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar (professor) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 15.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar (professor)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fagleg spanande og utfordrande åremålsstilling (4 år) som instituttleiar (professor) ved Klinisk institutt 1 frå 1.8.2021.

Klinisk institutt 1 er eitt av to kliniske institutt ved fakultetet. Den faglege porteføljen er brei, og spenner over mange av dei medisinske spesialitetane. Instituttet har om lag 81 årsverk, i tillegg kjem eksternt finansierte mellombelse stillingar. Instituttet har eit grunnbudsjett på om lag 69 mill. og eksterne midlar på om lag 40 mill. Klinisk institutt 1 held til på universitetscampus ved Haukeland universitetssjukehus og har eit nært samarbeid med sjukehuset.

Klinisk institutt 1 (K1) har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå for å oppnå fakultetet sin visjon «Ny kunnskap for betre helse». Instituttet husar sterke forskingsgrupper, og har ei sentral rolle i utdanning av studentar i medisin, fleire mastergradprogram inkludert ernæring og farmasi, og i tillegg i fakultetet sitt ph.d.-program. Klinisk institutt 1 er organisert i følgjande 11 seksjonar: Anestesiologi og intensivmedisin, Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), Gades laboratorium for patologi, Gastro og ernæring, Kirurgi, Nefrologi og urologi, Nevrokirurgi og øyre-nase-hals, Nevrologi, Oftalmologi og dermatologi, Psykiatri, og Radiologi. Instituttet har ei regional forankring innan medisinsk forsking og utdanning.

Dei viktigaste oppgåvene til instituttleiar er følgjande: :

  • utøve leiarskap i tråd med fakultetet sin strategi, leggje til rette for og stimulere til gode, innovative forskingsmiljø og høg kvalitet i utdanningane, dertil å inspirere og motivere tilsette og studentar til fagleg utvikling
  • bidra til fakultetet sine strategiar og sørgje for at instituttet har oppdaterte strategiar for instituttet si verksemd og sørgje for at ressursar ved instituttet vert nytta i samsvar med desse
  • sørgje for veleigna teknisk-administrative tenester og for effektiv drift av verksemda
  • yte sitt til at instituttet har tilstrekkelege budsjettmessige økonomiske rammer, og leggje til rette for å auke verksemda som er basert på tilskot og finansiering av oppdrag, i tillegg til å sikre fullfinansiering av denne verksemda
  • fremje eksternt og internt samarbeid
  • utøve personalansvar for tilsette ved instituttet, ta i bruk relevante leiingsverkty, og ha ansvar for resultat innan utdanning, forsking, forskarutdanning, økonomistyring, administrasjon og formidling
  • arbeide målretta for ein betra kjønnsbalanse i dei vitskaplege stillingane ved instituttet

Vi søkjer instituttleiar som:

  • har leiande fagleg kompetanse innan eit eller fleire av dei fagfelt som K1 har eit særleg ansvar for
  • har erfaring med å leie fagleg verksemd innan universitetssektoren og som kan vise til oppnådde resultat
  • er internasjonalt framståande forskar med relevant professorkompetanse
  • har gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt
  • har god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring
  • har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Utfyllande informasjon finn ein på Eining for læring, Det medisinske fakultet
  • undervisningsspråket er til vanleg norsk. Den som vert tilsett må kunne norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Det vil bli lagt til rette for at den som får stillinga kan ha bistilling ved relevant avdeling i helseføretaket. Arbeidsplass er på Helsecampus Haukeland, Bergen.

Det er eit ynskje at leiarskapet vert kombinert med eiga forskingsaktivitet. Universitetet i Bergen, og Det medisinske fakultet kan tilby eit konkurransedyktig fagmiljø og ein infrastruktur og utstyrspark, som er i internasjonal klasse. Vi legg til rette for instituttleiar sin forskingsaktivitet og leiarutvikling. Eit nært samarbeid med helseføretaka og primærhelsetenesta er av stor verdi for vår forskings- og undervisningsaktivitet.

Instituttleiar rapporterer til dekanus og inngår i fakultetet si leiargruppe.

Informasjon om instituttet kan du finne på Universitetet i Bergen sin eksternweb.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • instituttleiar vert lønt etter lønssteg 88-91 (kode 1475) i lønsregulativet til staten, for tida 1 019 400 – 1 088 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, 2 % trekk av løna til Statens pensjonskasse (inntil 12 G), for særleg kvalifisert søkjar kan høgre løn verte vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Til instituttleiarstillinga er det og knytt midlar til ei stipendiat eller ei postdoktor stilling.

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå utfyllande informasjon på Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) i passande format (pdf) som vedlegg
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Interesserte kan kontakte:

  • Dekan Per Bakke, telefon 55 58 20 87 / 992 04 032, e-post per.bakke@uib.no eller
  • Fakultetsdirektør Heidi Annette Espedal, telefon 55 58 65 55, e-post: heidi.annette.espedal@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS