LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi – åremålsstilling

Søknadsfrist: 01.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi – åremålsstilling

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det frå 1. februar 2022 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år.

Om instituttet

Institutt for fysikk og teknologi er eitt av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet.

Samfunnet er inne i store omstillingsprosessar kor grunnleggjande teknologisk kompetanse er avgjerande. Instituttet har som mål bringe fram grunnleggjande og grensesprengande kunnskap innan ei stor fagleg breidde av fysikk og teknologi.

Forskinga er organisert i ni forskingsgrupper: akustikk, elektronikk og målevitskap, energi og prosessteknologi, nanofysikk, optikk, reservoarfysikk – Energiteknologi og CO2-lagring, romfysikk, subatomær fysikk og teoretisk fysikk.

Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå i fysikk, energiteknologi og prosessteknologi, og eit integrert 5-årig siv.ing.-program i havteknologi. Vi deltar også i tverrfagleg program i nanoteknologi og i siv.ing.-programma i energi og i medisinsk teknologi

Forskingsaktiviteten ved IFT er i stor grad prosjektstyrt. Internasjonalt er forskingssamarbeid med CERN og ESA sentralt. Instituttet er vertskap for eit senter for framifrå forsking (SFF): ”Birkeland Centre for Space Science” (BCSS) og eit Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI): «Smart Ocean».

Til instituttet høyrer for tida om lag 35 professor- / førsteamanuensisstillingar, 19 forskarar og 30 teknisk / administrativt tilsette. Instituttet har om lag 60 tilsette i rekrutteringsstillingar, og om lag 70 ph.d.-studentar og 110 mastergradstudentar.

Nærare opplysningar om Institutt for fysikk og teknologi finn du på heimesida.

Om stillinga

Instituttleiar har eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon, samt overordna personal-, HMS- og økonomiansvar. Ei viktig oppgåve er å leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering, då forskingsverksemda ved instituttet avheng av at ein lukkast med dette. Instituttleiar leiar instituttrådet, rapporterer til dekanen og inngår i fakultetet si leiargruppe. Det er venta at instituttet er ein sterk aktør innan fysikk og teknologi og relatert forsking og utdanning, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling, i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen
  • bidra til utviklinga av fakultetet
  • sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • leggje til rette for at instituttet får ein rettvis kjønnsbalanse
  • skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog
  • sørgje for tenleg infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein instituttleiar som

  • har interesse og kunnskap om verksemdsleiing og leiarutvikling
  • har klare visjonar for fysikk og teknologi-faget inn i det neste tiåret både for instituttet, men og i den nasjonale fysikk og teknologi-tradisjonen
  • har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing
  • har visjonar og tankar for vidareutvikling av instituttet dei neste 5-10 åra
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet
  • har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet

I tillegg vert det lagt vekt på

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt
  • gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og i engelsk

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande internasjonalt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Alle spørsmål blir handsama konfidensielt.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og likeins personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i leiargruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS