Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Controllar - Administrasjonsavdelinga

Søknadsfrist: 20.10.2020

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå − tal som fortel


Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Ønskjer du ein fagleg utfordrande og meiningsfylt arbeidskvardag i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag? I seksjonen vår for økonomi- og verksemdstyring er det ledig inntil to stillingar som controllar. Du vil jobbe saman med 12 dyktige og engasjerte medarbeidarar. Vi har ansvar for dei sentrale styringsfunksjonane i SSB, medrekna verksemdstyring, økonomistyring, porteføljestyring og SSB sin rekneskap.

Du vil få controllaransvar for ein eller fleire av avdelingane våre med tilhøyrande seksjonar og hjelpe avdelingsdirektørar og seksjonssjefar i arbeidet med budsjettering og økonomioppfølging. Du vil òg få andre økonomirelaterte oppgåver. Controllargruppa, som du vil vere ein del av, har det overordna ansvaret for økonomistyringa i SSB.

Arbeidsoppgaver

  • Leggje til rette for og hjelpe i budsjettering for avdeling, seksjonar og prosjekt
  • Utarbeide økonomirapportar og avviksanalysar til avdelingsdirektør, seksjonssjefar og prosjektleiarar
  • Kontrollere kostnader og inntekter
  • Delta i månads- og årsavslutningar
  • Stillinga kan få andre oppgåver innanfor seksjonen sine arbeidsområde

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning på mastergradsnivå
  • Relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning
  • Relevant erfaring frå offentleg sektor
  • Meget god i norsk skriftleg og munnleg
  • Kjennskap til SSB er ønskjeleg
  • Meget god erfaring og kunnskap om bruk av Excel
  • Erfaring frå Unit4 ERP (UBW Agresso)
  • Nyutdanna med relevant utdanning, kan kompenseres for krav til erfaring

Personlige egenskaper

Du må vere strukturert, systematisk og nøyaktig. Du må kunne settje deg inn i komplekse problemstillingar, og foreslå alternative løysingar. Vi ønskjer oss ein som tar initiativ og bidrar i utvikling av ansvarsområdet. Du er analytisk, sjølvstendig og trivst i samarbeid med andre.

Vi tilbyr

  • Lønn som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar (kode 1408/1434/1364) kr 456 400 - 640 200 etter kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokalar i Oslo og Kongsvinger
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

Webcruiter-ID: 4291086071

Søk på stillingen

Kontakt:

  • Stine Lotte Lund (Seniorrådgiver), 41412419, Stine.Lotte.Lund@ssb.no
  • Heidi Rindal Jakobsen (Seksjonssjef), 93242832, Heidi.Jakobsen@ssb.no
Powered by Labrador CMS