Senioringeniør bioinformatikk ved Klinisk institutt 2
Søknadsfrist: 19.02.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Senioringeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør (100%; bioinformatikar). Stillinga er tilknytta UiB Genomikk-kjernefasiliteten (GCF) som er lokalisert i 6. etasje i Laboratoriebygget ved Haukeland Universitetssjukehus. GCF tilbyr tenester for global genekspresjonsanalyse og genomisk DNA-sekvensering ved hjelp av Next Generation Sequencing (NGS)-teknologi.
Arbeidsoppgåver:
Utføre bioinformatiske tenester for GCF brukarar, slik som planlegging av eksperimentell design og analyse av NGS-data (korte og lange leselengder) frå eksom-sekvensering, helgenom-sekvensering, RNA-sekvensering, single cell-sekvensering og 16S-metagenom-sekvensering.
Vedlikehald og utvikling av system for datalagring og behandling (loggføring, rapportering, deling, overføring og sletting av NGS-data.
Utvikle, oppdatere og teste ulike analyseverktøy og bioinformatiske pipelines.
Opplæring og halde foredrag (t.d. forelese på kurs og workshops).
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad innanfor bioinformatikk eller eit liknande fagområde.
Må ha god kunnskap om og brei erfaring med ulike programmeringsspråk (t.d. Python, R, shell/awk, scripting) og teknologiar (t.d. git og docker).
Må ha god kunnskap om bioinformatiske verktøy og pipelines for handtering og analyse av NGS-data (t.d. GATK, FastQC, BWA, SAM-tools, HiSat, STAR, Cellranger, Annovar, VEP og R/Python-pakkar for analyse og visualisering av NGS-data).
Må kunne handtere Linux-baserte operativsystem.
Må ha praktisk erfaring med analyse av eksomdata, helgenomdata og/eller RNA-seq-data.
Det er ynskeleg med kunnskap om Nextflow, snakemake og singularity.
Det er ein føremon med erfaring med bruk av relevante databasar (t.d. NCBI, ENSEMBL, DDBJ, ClinVar) og/eller DRAGEN Bio-IT plattform.
Må kunne kommunisere flytande munnleg og skriftleg på engelsk. Kunnskap i norsk eller andre skandinaviske språk er eit føremon.
Vi søkjer ein person som
Er imøtekomande, vennleg og ansvarsbevisst og som er høgt motivert for å utføre bioinformatiske tenester for GCF sine brukarar.
Likar å arbeide på ein disiplinert, organisert og veldokumentert måte.
Er flink til å kommunisere og samarbeide, og kan jobbe både sjølvstendig og i team.
Har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn i stilling som senioringeniør (kode 1181) er for tida kr 553 500 – 604 400 (lønssteg 60-65). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
To get the advertisement in English, please contact Core Facility Manager, Rita Holdhus (Rita.Holdhus@uib.no).
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.