LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Senioringeniør / Overingeniør – Eigedomsforvaltar Drift Nord

Søknadsfrist: 17.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Senioringeniør/Overingeniør – Eigedomsforvaltar Drift Nord

Universitetet i Bergen er med sine 19 000 studentar og vel 4000 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 536 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 377 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 4 driftsområde - tre er lokalisert på Nygårdshøyden og eitt er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet.

Driftsområda vert leia av ein eigedomsforvaltar som rapporterer til Seksjonssjef Drift. Ved kvart driftsområde er det vedlikehaldsleiar og driftsleiar som rapporterer til Eigedomsforvaltar. Driftsområda har dessutan driftsteknikarar (fagbrev) og driftsoperatørar som arbeider på dagtid.

Eigendomsforvaltar Driftsområde Nord (pt. Driftsområde 1 og 2)

Ved Eigedomsavdelinga, Drift er det ledig ei fast 100 prosent stilling som eigedomsforvaltar for driftsområde Nord (pt. driftsområde 1 og 2. som er vedtatt slått samen) Du må kunne jobbe i team og få teamet til å jobbe saman mot same mål. Vi ser etter deg som er løysings- og samarbeidsorientert og som gjerne ser andre/nye måtar å løyse oppgåvene på, er omstillingsvillig, og har evne å ta i bruk nye digitale verktøy.Stillinga inngår i leiarteamet for seksjon Drift og rapporterer til seksjonssjef Drift

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvarleg for overordna drift og vedlikehald av eigedomar og tekniske installasjonar i driftsområde Nord (hovudsakleg Sydnes/Nygårdshøyden-nord og sentrumsområdet)
  • Personalansvar og leiing av medarbeidarane i driftsområda (til saman pt. 22 tilsette)
  • Planlegge og budsjettere drifts- og vedlikehaldsarbeidet
  • Kontakt og oppfølging av myndigheiter og krav fastsett i lover og forskrifter
  • Økonomiansvar, inkludert innkjøp av varer og tenester etter behov
  • Ansvar for at brukarane i bygga får den naudsynte oppfølging og støtte i samsvar med brukaravtalar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning som sivilingeniør eller ingeniør, gjerne innan byggtekniske fag. Bakgrunn frå fagområdet bygg vil òg bli vurdert. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Omfattande relevant praksis, fortrinnsvis innan drift og vedlikehald av større bygg, helst undervisningsbygg
  • Dokumentert leiarpraksis (personal- og budsjettansvar)
  • Generelle IT-kunnskapar og erfaring med edb-baserte verktøy
  • Det blir sett krav om gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Kjennskap til vern av bygningar då store deler av bygga er omfatta av landsverneplanen i sektoren
  • Gode evner til å leie medarbeidarar
  • Erfaring frå omstillingsprosessar
  • Evne til å sette fokus på brukar-leverandørforhold
  • Evne til å utvikle organisasjonen vidare
  • God fleirfagleg innsikt og økonomisk forståing
  • Erfaring med FDV av tekniske anlegg og oppbygging av FDV-dokumentasjon
  • Evne til å løyse problemstillingar
  • Evne til å handtere tidvis store arbeidsmengder i eit hektisk miljø

Vi ser etter ein person med evne til å:

  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og som kan prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
  • Vere initiativrik og løysingsorientert
  • Strukturere arbeidsfeltet og egen arbeidsdag, planlegge og gjennomføre i samsvar med prosjektplanar og avtalte mål
  • Yte service både mot brukarar og internt i eigen organisasjon
  • Bidra til et godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181)/overingeniør (kode 1087) i lønssteg 75-83 (for tida kr 715 900 – 896 500) etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby.

Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Drift Jan-Terje Nygaard, mob. 915 64 650, email jtn@uib.no
  • Eigedomsdirektør Kjartan Nesset, mob. 959 12 831

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via https://www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS